onsdag 19. januar 2011

Inspirasjon og lyst til å skape noko!

Teikne har eg gjort så lenge eg kan hugse. Men dei siste åra har eg brukt pc meir enn eg har halde i ein teikneblyant. Eg har blitt avhengig av Photoshop, og meiner sjølv eg er blitt ganske god. Dei siste åra har eg jobba masse med digital scrapping og Catscrap var min andre heim, eg fikk utløp for teiknelysten ved å teikne og måle krusedullar som eg gjorde om til digitale filer. Men så vart livet for hektisk, små ungar, og flytting, eg ramla heilt ut av scrappinga. Det siste året har eg berre susa rundt på nettet, lest bloggar, alle mulige, mammabloggar, interiør, scrapping, foto, og illustratør/teiknebloggar. Men ikkje fått til noko kreativt sjølv. Her om dagen dumpa eg innom denne fantastiske bloggen her. For nokre teikningar! Vidioar, for nokre fargar, så inspirerande! Mange av teikningane er vidareutvikla i photoshop.

Å scanne inn teikningar og jobbe vidare med dei har eg gjort før, men no fikk eg ny inspirasjon, ny lyst. I dag har eg teikna! Åhhh så godt det var!

Då gutane såg kva eg holdt på med lurte dei på korleis eg hadde fått til det der, dei har faktisk ikkje sett meg teikne slik før. Dei var tydlig inponert av mamman sin. :-) Her er teikninga eg teikna, dette er Ingvarguten min. Ingvar med dei lange mørke augevippene og det litt forunderlige spørrande blikket.





Tvillingane ville og teikne, dei satte seg ned og teikna sjølvportrett, denne flotte teikninga laga Ingvar, då eg såg den viste eg at den måtte bli eit del av bilete eg ville lage. Eg scanna begge teikningane og starta leike meg i photoshop.





Her er så resultatet, eit portrett av Ingvar der eg har brukt både mine teikningar og nokre krussedullar, bakgrunnar og målingsflekkar eg hadde liggande på pcen og Ingvar sitt fantastiske sjølvportret. Eg er ganske nøgd, dette er ein start, kanskje på noko nytt? No har eg ihvertfall fleire idear til andre slike kollasjar.







Eg skal no bestille meir teiknepapir og nye teikneblyantar. juhu! :-)

mandag 3. januar 2011

Snart skulegut!

Ingvar veit at når ein byrjar på skulen, då er ein stor gut, og ein har byrja miste tenner.
I går mista han si tredje tann (den eine oppe slo han ut i sommar) og ei tann har byrja vokse ut at.
"Mamma, no har eg mista TRE tenner, no er eg faktisk nesten skulegut!"
Ja tenk det er du vennen min!
Til hausten byrjar Ingvar (og Sigve) på skulen, hjelp kor fort tiden går!



Eg reknar med eg kan ta eit slikt bilete av tvillingbroren om ei lita stund, han har mista ei tann nede, og ruggar ivrig på neste...

lørdag 1. januar 2011

Nye skøyter til jul!

Gutane fekk skøyter til jul! Stor stas, 5-åringane brukte ikkje lange tida før dei skjønna teknikken, litt øving, knall og fall så skøyta dei så fint på glattisen.

3-åringen var meir som bambi på isen, då var det godt ha med seg onkel til hjelp.



Tora og Nazanin




Gøy var det, blir nok fleire skøyteturar på oss i vinter.
Håpar alle har hatt ei fin nyttårsfeiring!
Godt nyttår!