fredag 25. februar 2011

Den store flyttesjauen nærmar seg...

Og det er både godt og skremmande på same tid. Me har no budd trangt og kaldt i snart to år, så det å få større hus det skal bli godt. Men alt som skal gjerast, phu, det er ikkje lite. Til å starte med så skal me berre komme oss i hus, før babyen kjem. 5. mai er termin. Eg går ut i permisjon veka før påske, då har me planar å starte flyttinga. Så blir det forhåpentleg oppussing utover sommaren? Eg har mange idear og tankar for huset, det har stort potensiale, eg gledar meg! (og gruar meg litt)

Her er nokre bilder av korleis det ser ut no, alle rom skal nok få nye fargar. Bondeblått, bonderaudt, oker og furupanel skal skiftast ut med lysare fargar. Ja det trur eg blir bra!



Kjøkkenet

Kjøkkenet er skikkelig flott. Mamma fikk det bygd til huset og det er solid heiltre og veldig bruksvennleg for ein stor familie. Det treng ein grundig omgang med målarkost, taket og. I første omgang målar me vel både bjelkar og tak kvitt, så får me sjå om bjelkane skal få ein annan nyanse etter kvart. Grått kanskje? Eller blir det fint med heilt kvitt tak? Det hadde jo våre enklast, det er mange bjelkar...


Gang og trapp



Okergul gang med terakottafarga fliser og blåe lister. Ja trengs vist litt målingshjelp og ny tapet over brystninga her og. Golvet beheld me, så då får me jobbe ut frå det. Ser kanskje for meg gråfargar? Eller lyse beige tonar? Panelen på doen blir nok i same farge som gangen. Trappa? Den er måla frå før, så ser for meg litt mørkare grå trappetrinn, kvite sprinklar og grå/svart rekkverk. Og så må den bli barnevennleg da. Måling er glatt. Kan ikkje lage sklifarleg trapp. Må undersøke meir her ja.


Spisestova



Raudmåla brystning med tapet over. Bjelker i taket, dei blir jo kvite i fyrste omgang sidan taket heng saman med kjøkkentaket. Over brystninga skal eg finne ein flott tapet, trur kanskje at fargane i tapeten kan gå att i fargevalet både på kjøkkenet og på panelen i spisestue, kjøkken og kanskje og stova. Alle disse romma heng saman, det er open løysing rundt peisen som står i midten av huset. Så alle romma må nok ha fargar som står godt saman, er ingen dører her.


Har sett på tapeter og det fins jo så mykje fint no. det kjem ikkje til å bli lett å velje har eg skjønt. Var på fargeriket på Voss i går og såg på blant anna Borge tapetar.


Nokre tapetar eg har sett på:
Lilla er tydelegvis ein farge som er inn no. Og ja eg elskar jo lilla, men trur ikkje eg tørr ha masse av det. Spørst om eg heller ikkje skal lage lilla soverom.

Vinterhagen

Den er kvitmåla, så det blir ikkje det rommet som blir prioritert i fyrste omgang, det skal møblerast, det må eg tenke litt på. Ser for meg innebygde benker med masse fine puter, ein god lesekrok kanskje, og gardiner. Heile huset må vel ha gardiner, eller kanskje ikkje?
Og så er det resten av huset da, det skal pussast opp barnerom, tre stykk minst, soverommet vårt, kontor til Knut i kjellaren og sikker masse meir og... Sa eg at me hadde mykje å gjere framover? Eg håpar verkeleg denne babyen som kjem er ein roleg sovebaby.