torsdag 24. mai 2012

Våronn

Endeleg kom varmen, og me jobbar ute i hagen for det meste.


Solveig er med, ho stabbar omkring i dei nye skoa sine. og er veldig begeistra for alle bøttene med vatten eg har ståande. Det er ikkje like enkelt å få jobba så efektivt når ein har slik hjelp å få.


Men me tar oss god tid.


Men dei to største gutane var til stor hjelp då Goffa skulle få potetene i jorda.
Å sette poteter hugsa eg godt frå då deg var lita. Det var så stor stas å få sitte bak på traktoren og ha ansvaret for at potetene kom ned i jorda. Ein perfekt jobb for små kjappe hender. I år var det Ingvar og Sigve sin tur. Dei storkoste seg der dei sat og humpa bak på traktoren!


Klar ferdig slepp! Potetene skal ned i holet når kneppelyden kjem frå eit hjul som roterer rundt ettersom traktoren kjøyrer framover.  Potetene landar i jorda når gutane slepp dei ned, plogen lagar fine render og dekker potetene med jord.


Jippi, dette er gøy! Me svevar oppe i lufta.


Gutane i djup konsentrasjon over ein viktig jobb.


Vemund sit på i førarhuset med Goffa, ein ganske viktig jobb det og.



Det er ute det skjer for tiden, me har fjerna gamle bringebær og jordbær, og skal plante nye, me har flytta rundt på diverse bærbusker, me lagar bekk og bru. Og sjørøvarskip, dokkestove, krydderhage og kjøkkenhage, ja prosjekta er mange, men det er artig når det blir så fint. Skal prøve å få lagt inn fleire bilder når eg får tid...

fredag 18. mai 2012

17.mai

Me har hatt ein fantastisk flott 17.mai. Nokre bilete frå dagen.






Ja kanskje nokon lurar på kvifor gutane har valdresbunad og jenta har hallingstakk? Alle bunadane er arvegods, valdresbunadane er etter pappa og onkelane og er sydd av bestemor i Valdres, hallingstakken brukte eg då eg var lita. (pappan min er frå Gol) Den er sydd av mamman min. Utruleg kjekt å ha arvebunadar til alle, me er heldige!

lørdag 12. mai 2012

Gjengen min



Må berre vise dei fram, dei fire finaste som fins.

fredag 11. mai 2012

Ny trapp

Endeleg er trappa nesten ferdig pussa opp. Fire små ungar og ei bratt glatt trapp er ikkje veldig gøy. So eg og pappan i huset her har hatt mang ein diskusjon om kva me skulle gjere med trappa. Eg hadde veldig lyst å måle trappa, men det var ikkje mannfolket einig i. Alt for farleg meinte han, Springande ungar i sokkelesten, ned trappa, jo eg skjønna kva han snakka om... og så hadde han sikkert klistra stygg antisklitape i trinna om eg hadde måla den. Ja då fekk me finne på noko anna. Teppe? Kan det bli fint da? Tja, her kjem nokre før og etter bilete, vurder sjølv.

 Slik var trappa før, måla på starten av 90 talet. Bonderaudt og bondeblått, på tide med ein oppgradering, heilt klart.


Eg ville gjere trappa svart og kvit. Veggen målte eg i same farge me har i stova, ein lys grå. Helst hadde eg lyst å måle trinna svarte, men altså det var jo uaktuelt, so eg for på leit etter eit fint svart teppe å legge i trinna. Valet fall på eit sissal teppe frå fargerike på Voss.



Sidan me har ein eittåring i hus må me ha trappegrind. Den fekk seg jammen eit målingstrøk den og.

Og så lurar du kanskje på kva det treet gjer der? Eg har ein plan for det sjølvsagt, eg har teikna det sjølv, og fått den flinke gubben til å sage det ut i finer for meg, og så måla eg det i same svarte farge som gelendert. Det skal bli eit slektstre med bilete når det er ferdig.


Ja det var trappa, eg syns den vart både barnevennleg og fin. Eg gledar meg til den blir heilt ferdig, med bilder på veggane og på treet og ei hengelampe i taket. Gangen nede og oppe må og få seg eit målingsstrøk. Då blir det fint!