lørdag 23. juni 2012

Kom Vetle så skal me sjå på sauene!

Me hadde besøk av denne vesle skjønne karen her for litt sidan. Tvillingane tok han med for å vise han sauene på jordet.

 Får å komme til sauen, må me gjennom denne grinda her.

Hei vent på meg da!

 Kom igjen Vetle, me blir fyrstemann!

 Godt å ha ei hand å halda i.

Lamma kosar seg under eit blømande rognebærtre.




Tankefull Vetle etter sauesafarien.

fredag 22. juni 2012

Vesle frøken Sol og lamma

Eittåringen vår er svært begeistra for dyr.
 Me er oppe ved grinda til sauene fleire gonger for dagen for å sjå og beundre "BÆÆÆane"



I dag går turen til fjells for ein del av disse krøllete små og mødrene deira, håpar dei får ein god sommarferie.

søndag 10. juni 2012

Piratbursdag!

Vemund vart FEM år på laurdag. Dagen feira han som pirat.

Dette var invitasjonen me sendte ut.


Endeleg var dagen her, veret var fint og Vemund stor koste seg som hovedpersonen! Nytt piratkostyme var stor stas, hagen krydde av små piratar og nokre sabeltannar (eller skrivast det tenner???)


Alle fikk plass i piratskipet etter ein spennande skattejakt.
Bursdagsbarnet var strålande nøgd med dagen, og det er jo det viktigaste!
Då var mellomste guten vår feira, no er det berre ein månad så blir det dobbel 7-års dag i Flintegarden, kva skal me finne på då?