søndag 25. mai 2014

Mummihuset

Mummihuset er ikkje ferdig... men det kjem seg.
 
S a k t e  o g  s i k k e r t ...
 
Tre nye og større vindauga er komt på plass.
 
 
  Innvendig er det måla. Kvite veggar og grått golv. brukte opp litt restemåling.
 
 
 
 
 
 
Gardiner er sydd og hengt opp, Har sydd om nokre gardiner eg tilfeldig kjøpte på loppemarked for nokre år sidan. benkeplata har blitt trekt med ein gamal plastduk. Og det viktigaste av alt var teppet, i følgje veslejenta. Ho vart hennrykt då ho såg det, det var jo rosa! Det er ei gammal fillery som Gommo mi har vevd for mange år sidan.
 
 
 
Ute langs veggen har eg sådd solsikker, litt kornblomst og ringblomst, samt satt ned ein humle som skal få vekse seg oppover veggen. Det blir nok flott.
 
 
Så kva står att... andre etasje, skal målast og innredast. Lysblå skal det bli.
 
 
 
 
 takpappen skal skjærast, det er ikkje fint når dei heng og flagrar slik. Verandaen skal ha eit målingstrøk til, og litt snekkarjobb før den er ferdig. Døra treng handtak. Vindauga skal få litt meir pynt. Gavlen skal ha ei utskjæring. Og så vil eg ha ein fin hagebenk mellom heggen og mummihuset.
 
 
 
Ja det er sikkert masse meir og... men huset er allereie tatt godt i bruk av ei lita fornøgd frøken.