søndag 27. juli 2014

Sommarferie del 1

Så godt det er å komme heim. Heim frå ein fantastisk ferie! Me har farta litt hit og dit, skal prøve å legge inn litt bilete, og startar med turen vår til Eidfjord.

 
12. juli vart desse to her 9 år!

 
Me reiste til Ulvik der det var sommarfestival.

 
Til og med Elias hadde tatt turen dit! Stor stas!



 
Bading i fjorden.

 
Sigve klar for litt action!


 
Full fart etter båten.
 
 
Solveig syns det er stas å få sitte på i båten.

 
Skjønne Hanna kosar seg på badestranda.

 
 

 

 

Hanna og Solveig på badet etter ein hendelsesrik dag.

 
 
Kveldstur med Bergljot.

 
Utsikten frå verandaen til Bergljot.

Ingvar og Vetle på tur.

Hanna og Vetle.

Ingvar og Sigve.

Vemund, Knut og Solveig

Heile familien på ei dompehuske.

Vetle

Kosejenta mi, meg og Solveig.

 
Ut på tur.

Bergljot med Hanna.
 
Me har nokk ein gon hatt fantastisk fine dagar hjå Bergljot, Jan, Hanna og Vetle. Me gledar oss til neste gong!

torsdag 26. juni 2014

Kanskje

blir dette ein kreativ sommar?

Gi meg litt overskudd, tid og inspirasjon, så skal eg prøve så godt eg kan.
 
Eg føler eg er godt i gang, ungane har vore på aktivitetskule denne veka, så eg er åleine heime (i går og i dag). Då nytta eg høvet til å finne fram akrylmålinga, og eit gamalt bilete som eg starta på for ei stund sidan. Ei stund før minstemor var fødd.
 
 
...og ho er vist alt blitt tre år...
 
 
 
Men altså dette insektet gjorde eg ferdig i går, på verandaen i solskinnet.

 
 
 
Eg set meg herved eit mål for sommaren, den skal vere kreativ.
 
Masse teikning og måling håpar eg at eg får til...

onsdag 11. juni 2014

Sommar!

For ein start på sommaren me har hatt!











 
Håpar alle andre nyter gode sommardagar slik denne gjengen her gjer!

søndag 25. mai 2014

Mummihuset

Mummihuset er ikkje ferdig... men det kjem seg.
 
S a k t e  o g  s i k k e r t ...
 
Tre nye og større vindauga er komt på plass.
 
 
  Innvendig er det måla. Kvite veggar og grått golv. brukte opp litt restemåling.
 
 
 
 
 
 
Gardiner er sydd og hengt opp, Har sydd om nokre gardiner eg tilfeldig kjøpte på loppemarked for nokre år sidan. benkeplata har blitt trekt med ein gamal plastduk. Og det viktigaste av alt var teppet, i følgje veslejenta. Ho vart hennrykt då ho såg det, det var jo rosa! Det er ei gammal fillery som Gommo mi har vevd for mange år sidan.
 
 
 
Ute langs veggen har eg sådd solsikker, litt kornblomst og ringblomst, samt satt ned ein humle som skal få vekse seg oppover veggen. Det blir nok flott.
 
 
Så kva står att... andre etasje, skal målast og innredast. Lysblå skal det bli.
 
 
 
 
 takpappen skal skjærast, det er ikkje fint når dei heng og flagrar slik. Verandaen skal ha eit målingstrøk til, og litt snekkarjobb før den er ferdig. Døra treng handtak. Vindauga skal få litt meir pynt. Gavlen skal ha ei utskjæring. Og så vil eg ha ein fin hagebenk mellom heggen og mummihuset.
 
 
 
Ja det er sikkert masse meir og... men huset er allereie tatt godt i bruk av ei lita fornøgd frøken.

søndag 6. april 2014

Møt ungane

 
Stova vår trengte litt fargar, eit måleri hadde vore fint, tenkte eg. Då fekk eg ein glimrande ide, og sette ungane i sving. Dei skulle få lage seg kvart sitt fargerike sjølvportrett.
 
Vart dei ikkje fantastisk flotte?
 
 
 
 
 
 
 
Her har me klovnen vår Sigve (Han blir 9 år i juli)

 
Tvillingbroren Ingvar som for tiden har gløymt korleis ein smiler til eit kamera... (blir 9 år i juli)
 
 
 
Solstråla vår Solveig (blir 3 år i mai)
Ho tykkte dette var superartig, og ville måle meir! Det er fyrste måleriet hennar som ikkje berre er ein fargeklatt, ho såg på brødrene når dei måla og herma etter dei. Sjå kor stolt ho er av seg sjølv!
 

 
Og til slutt midt-i-mellom-ungen Vemund (blir 7 år i juni)
 
Disse kunstverka skal få lov å henge over fjernsynet i stova vår.
 
Ungane har måla med akrylmåling på lerret kjøpt på Chlas Olson. Fyrst måla dei heile lerretet i bakgrunnsfargen(eg hjalp til med å blande fargane deira), og lot den tørke. Så måla dei hudfargen over, akrylfarge er dekkande så dei kunne male oppå om det vart feil eller dei vart missfornøgde. Til slutt var det å måle detaljar i ansiktet.
 
Eg syns faktisk at portretta liknar, dei har jo fått fram karakteristiske trekk ved seg sjølve. Dei fekk studere seg sjølv i spegel, slik at hovudfasong, auger nase osv... skulle få riktig fassong. 
 
Veldig nøgd mamma og ungar!