onsdag 4. august 2010

Betong, isolasjon og sagflis...

Det er kaos her. Det er bilar, traktorar, maskiner, verktøy, materialer av alle slag, plankar, glava, hundar, ungar, elektrikarar, rørleggarar, sementbilar, sagflis, katter... ja akkurat, eit salig kaos...

Mens det blir bygd nytt kårhus nederst i hagen, så har me og byrja etterisolere det gamle kårhuset kor me bur inntil vidare. Min kjære sambuar og pappan min har alt issolert golvet, lempa ut mange kilo sagflis og lagt glava i staden (sagflis var det ikkje masse isolasjon i gitt) No driv dei på med taket (dei har fått god hjelp av Salambek, ein tidlegare fostergut av mamma og pappa). Som de sikkert skjønnar så reknar me med å bli buande i dette huset ein vinter til, og no vil me ikkje ha det så kaldt som sist vinter. Utan varmepumpa vår hadde me fryst til ispinnar alle saman. Forhåpentleg så blir nye huset ferdig på nyåret, og me kan flytte ut herifrå, gledar meg vilt! Og då har me eit tipp topp gjestehus ståande til alle som vil besøke oss.

Litt bilete frå kaoset, her får gamle kårhuset som me bur i no nytt tak. Mønet på huset blir laga slik at det stikk lengre ut enn det gjorde opprinleg, eg trur det kjem til bli fint, taket såg liksom litt for lite ut slik det var.


Og her blir det støypt plate til mamma og pappa sitt nye kårhus.
Dette huset blir på ingen måte likt det gamle, dette her blir eit moderne hus, med betong, stein, tre og mykje glas. Element som grått treverk og gråsteinsmur vil bli brukt, og kjem til å stå i stil med den gamle låven. tanken er at dette huset skal ramme inn gardstunet, skape ein heilheit og samanheng mellom nytt og gamalt, samtidig skal ikkje dette bli eit ruvande hus, alt blir på ei flate, og huset skal byggast inn i terrenget. Huset blir bygd i ein L form og vil på den måten lage ein lun hage og uteplass, store glasflater vil opne opp mot hagen, og mot sola og lyset. Eg er kjempespent på korleis det blir. Mamma og pappa som står for teikningane, viste egentleg ikkje at dei var så moderne av seg, pappa er vist ganske overaska sjølv. Tenk at me skal lage eit slikt "funkis" hus, hadde eg aldri trudd seier han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar