onsdag 23. juni 2010

Gravinga igang.

No byrjar ting å skje, me har store gravemaskiner i kjøkkenhagen. Nei det er ikkje slik at me brukar gravemaskiner for å så gulrøtter. Gravemaskine dei lagar plass til det nye kårhuset til mamma og pappa. Spennande at me er igang, men ting tar tid, dei har brukt lang tid på gravinga no.



Her er eg og minstemann nede på jordet og sjekkar kopplamma. Ingvar tar bilete av oss, ein kan sjå gravemaskina framanfor hovudhuset til høgre.





Gutane tykjer jo det er spennande og kult å ha gravemaskiner i hagen. Det er litt enklare for dei å forstå at det faktisk kjem til å bli eit heilt nytt hus på garden.



Må berre fortelje om Ingvar og mommo som diskuterte kor mange doar me har her på garden. Ingvar seier: "Mommo, du har tre doer i huset ditt", ja seier mommo, "og dere har en do, hvor mange blir det?" "Fire" svarar Ingvar. "Og så får vi to nye doer i det nye huset, det blir fem", seier mommo. Ingvar ser på ho og tenker, "nei Mommo det blir jo seks!" Flinkare til å rekne denne snart femåringen enn mormora si. ;-) (og ja dei to pratar på bokmål saman)



Ingvar og Sigve på veg opp frå jordet.




Her er eit bilete frå hagen vår, me har store jorddungar bak drivhuset og dokkehuset. Det er egentlig ganske kaotisk her no, men det blir forhåpentleg betre snart.




Sidan det er jonsok i dag så var det på tide å fyre opp bålet som min kjære sambuar har bygd opp av diverse rot og søppel frå garden. Det vart eit gedigent bål. Spennande å være med på for liten og stor.




Mens nokre bygger bål, så bles andre løvetann.




Det tok skikkelig fyr!





Kjempespennande, varmt og litt skummelt, godt å halde avstand.





Ein flott dag har det våre i dag, varmt og godt. Håpar det blir fleire slike dagar frammover, sommaren har ikkje våre noko å skryta av til no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar