søndag 1. august 2010

5-åringane våre!

10. juli vart dei to flotte gutane våre 5 år. Me var då på Åland. Og tenk, Oliver som var ein av dei me reiste saman med fylte 3 år same dagen. Det vart feira med blåbærmuffins på alle. Ganske gøy, av dei fem ungane som var med på tur, hadde tre bursdag same dagen. Her er dei samla alle mann. Gjett om det vart fest! :-)


Vel heime etter ein flott ferie, så var det på tide med eit skikkelig barneselskap. Eg tenkte at mange av ungane frå barnehagen sikkert hadde ferie, men nei da, ingen var bortreist og alle kom, det vart ein flott feiring med maaaaange ungar. Som vanleg vart det tatt altfor få bilete, eg var alt for opptatt med å servere pølser, kaker og brus, og passe på at ungar ikkje sprang ut i sokkelesten i regnværet, er det ikkje typisk at det må regne på slike dagar... Ingvar han blåste ut lysa før nokon rakk å finne fram kamera, og då skunda Sigve seg å blåse ut sine og. Og så var det berre å hogge innpå, så kaka som eg jo skulle ha tatt bilde av på forhand, ei sjørøvarskute (som vart veldig fin ;-) ), ho forsvant i gapet på svoltne ungar før nokon fikk foreviga ho desverre. Jaja, ungane hadde det i hvertfall gøy.

Då Ingvar skulle legge seg sa han: "Mamma dette var den besteste bursdagen av alle!"

1 kommentar:

  1. Ha ha ha, men det er nett som det skal vere! Perfekt fødselsdag, og det er jo det viktigaste! :D Gratulera med dagen på etterskot. Det er nok frameleis liv og leven i heimen kan eg tenke meg, sjølv om dei veks til etter kvart. Fem-åringar plar ikkje ha særlig ro i rumpa ;)

    SvarSlett