torsdag 24. mai 2012

Våronn

Endeleg kom varmen, og me jobbar ute i hagen for det meste.


Solveig er med, ho stabbar omkring i dei nye skoa sine. og er veldig begeistra for alle bøttene med vatten eg har ståande. Det er ikkje like enkelt å få jobba så efektivt når ein har slik hjelp å få.


Men me tar oss god tid.


Men dei to største gutane var til stor hjelp då Goffa skulle få potetene i jorda.
Å sette poteter hugsa eg godt frå då deg var lita. Det var så stor stas å få sitte bak på traktoren og ha ansvaret for at potetene kom ned i jorda. Ein perfekt jobb for små kjappe hender. I år var det Ingvar og Sigve sin tur. Dei storkoste seg der dei sat og humpa bak på traktoren!


Klar ferdig slepp! Potetene skal ned i holet når kneppelyden kjem frå eit hjul som roterer rundt ettersom traktoren kjøyrer framover.  Potetene landar i jorda når gutane slepp dei ned, plogen lagar fine render og dekker potetene med jord.


Jippi, dette er gøy! Me svevar oppe i lufta.


Gutane i djup konsentrasjon over ein viktig jobb.


Vemund sit på i førarhuset med Goffa, ein ganske viktig jobb det og.



Det er ute det skjer for tiden, me har fjerna gamle bringebær og jordbær, og skal plante nye, me har flytta rundt på diverse bærbusker, me lagar bekk og bru. Og sjørøvarskip, dokkestove, krydderhage og kjøkkenhage, ja prosjekta er mange, men det er artig når det blir så fint. Skal prøve å få lagt inn fleire bilder når eg får tid...

1 kommentar:

  1. Herlige bilder fra våronna. Har også hatt min tid som potetsetter bak på traktoren :-)
    Og så store som ungene har blitt!

    SvarSlett