fredag 28. desember 2012

Lenge sidan sist.

Stille i huset, eg har ferie, ingen jobb som ventar i morgon, ungane søv, eg og katten er åleine heime. Trur det er minst eitt år sidan eg teikna sist. Plutseleg teiknar eg att. Kanskje blir det meir? Håpar det.


Før jul pussa eg opp hagestova, sette inn ein pult og vips så vart det arbeidsbenk. Supert å sitte her å teikne når ungane søv, på dagtid er det ungane som teiknar og jobbar her.


Dagens (eller nattas) resultat, blekk, pensel og penn. Skal teikne meir med blekk, det er gøy men vanskeleg, er ikkje heilt nøgd med denne teikninga...


2 kommentarer:

  1. Jeg synes tegningen var vakker! Jeg savner vårt kreative fellesskap i blant. Ja, ja. God jul!
    -Birgit

    SvarSlett
  2. God jul, Birgit! Ja eg saknar det eg og. Eg skal bli flinkare til å teikne oftare, og berre fordi eg sjølv har lyst. Er nok ein grunn for at det har våre lite teikning dei siste åra.

    SvarSlett