søndag 5. januar 2014

Jenta har fått nytt rom!



 
 
Solveig har flytta inn på rommet sitt. Og ja, det er tatt godt i bruk, fylt opp med diverse leiker: bøker, bamsar, lego, dokker, dokkekle, brio, puslespel, bilar, kjolar osv.. Eg hadde ein plan om å få tatt nokre skikkelig flotte ryddige bilete av eit strøkent barnerom. Men då eg kom opp så sat veslejenta der å bygde lego. Heilt i sin eigen verden ensa ho meg ikkje, så eg tok nokre bilete av ho og av legotårnet hennar, og litt av det rosa og raude rommet hennar. Slik har me det, verken strøkent eller ryddig, men med god plass til å leike. Og det er vel det viktigaste?  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar