søndag 25. april 2010

Velkomen til Flintegarden

Flintegarden er eit småbruk som ligg i den vesle fjellbygda Borgund i indre Sogn. Her er eg oppvokst, og hit har eg no flytta tilbake. Med meg har eg fire gutar. Ein på 36, to på 4,5 og ein på 3,5 år. I hovudhuset på flintegarden bur foreldrene mine, saman med dei bur det to fosterdøtre. I fjøsen er det sau og nokre høner. Ein hund og to kattar bur det her og. Eg og familien min bur for tiden i kårhuset. Eit lite, gamalt og sjarmerande hus. Dessverre er det litt for lite for oss fem, og ganske så kaldt, så til neste vinter så håpar eg at me kan flytte inn i hovudhuset. Me skal nemleg "kaste ut" mamma og pappa. Planane er klare, me skal bygge eit nytt hus på garden, dei skal få flytte inn i eit moderne hus, mens me tar over det gamle huset deira. Som de skjønnar så kjem det til å skje mykje her på garden framover. No vil eg vise fram nokre bilder eg tok i vinter av husa som står her no.


Det gule huset er hovudbyggningen, der mamma og pappa no bur. det raude huset bak er kårhuset som me bur i.


Kårhuset.


Bilete tatt frå andre sidan av tunet.


Fjøsen med den gamle resturerte låven. I loftetasjen på mellombygget (som er ein del av sauefjøsen) driv me no å lagar til eit atlie. Det er ikkje lenge til det er ferdig, eg skal selvfølgelig vise fram bilete av det snart.




Og til slutt det eldste huset på tunet, stabburet.


1 kommentar:

  1. For en nydelig plass dere bor!
    Får jo så lyst på landlig ferie i Norge når jeg ser dette!

    SvarSlett