
Det er i fjøset det skjer for tiden. Me er midt i lamminga. Det er travle tider. Søyene står med ballongmagar (som Ingvar 4,5 år seier) Dei får to, tre, fire og ja det er vist eit par som har fått fem lam kvar! Det brekast med spede stemmer, det spring kopplam i beina på oss. Det er hektisk, til tider kaotisk med søyer som føder på samleband! Om ikkje lenge spring det våryre lam rundt på jordene. Her er eit av dei førstefødte lamma frå i år. Dei er jo så søte disse små.

Minstemann syng bæ bæ lille lam. Sjølv om han er litt skeptisk til dei, han synes lamma er litt for voldsomme når dei kjem og krever flaske ved å hoppe opp på han. Så han finn ut at han skal lage til litt middag i dokkehuset i staden for å være i fjøset. Me vart alle invitert inn for å smake. Selvfølgelig har me tid til det. Her sit ein stolt kokk med "pannekakene" sine :)
Så koselig med lamming! Blir rent misunnelig, jeg!
SvarSlett