søndag 30. mai 2010

Nesten sommar jo!

Endelig kom varmen. Ungane har til no hatt ullundertøy på, det var faktisk frost her for nokre netter sidan, ungane har brukt vottar når dei syklar til barnehagen om morgonen. Men i dag sprang dei rundt i trusa. Minstemann og! Tenk han bytta ut bleia med truse i dag, han tissa på plenen, var så stolt og klarte å halde seg tørr heile dagen! (Då vart mamma og pappa stolte) Kanskje, kanskje skal han få ha truse i barnehagen i morgon og? Tenk om han hadde kvitta seg med bleie no, det hadde våre deilig det!

Me har brukt dagen i dag i hagen. Mamma og eg har ordna kjøkkenhagen og urtehagen. Mamma har i alle år hatt stor kjøkkenhage, dei (mamma og pappa) har i alle år våre sjølvberga heile vinteren, med poteter, gulrøtter, kålrot, salat, løk, reddik, kruspersille, dill og mykje meir. I drivhuset har dei hatt tomat, squash og agurk. I år blir ikkje kjøkkenhagen prioritert, neste veke startar me nemleg å grave ut tomta på nye kårhuset. Det blir verken plass eller tid til å ha stor kjøkkenhage då. Me får håpe at det blir tid og plass til neste år. Men litt krus og dill og salat blir det i år og.

Ungane var ivrige hjelparar i hagen, det måtte trillast trillebor, og hentast vaten, og hellast vaten, og sølast med vaten (det er jo det kjekkaste av alt). Det var og masse spennande å sjå for nyfikene gutar, Ingvar og Sigve var svært opptat av alle markane og maurane me fant under hellene i krydderhagen.

Litt bilete frå dagen i dag:



Ingvar i full fart!



Tankefulle Vemund. Vemund han har verkeleg bestemt seg for å verte stor no. Han har nemleg kutta ut å sove på dagen. Han nektar, det skal ikkje sovast, og han som står opp så grytidleg, ofte før 6 på morgonen, det endar med at han blir totalt utkjøyrt ved middagstider. Det har hendt han har sovna i middagen sin, stakars liten. Får håpe det går seg til no, og at han skjønnar at det går ann å sove lenger om morgonen. *håpe, håpe*



Sigve med verdas beste pusekatt! Som me er veldig spente på om har kattungar i magen no?



Og på jordet har alle sauene kome ut. Her ei søye med tvillinglam. Reine idyllen dette her ;-)






2 kommentarer:

  1. Ja, dette er virkelig rene idyllen! Blir helt misunnelig på dere som har muligheten til å bo sånn.

    Ungene ser så friske ut - så fulle av liv og glede!

    SvarSlett
  2. Så idyllisk det er hos dere!! Nydelig sted!! første gang jeg er her inne (så linken på dg), og kommer gjerne tilbake. ;)

    SvarSlett