onsdag 19. januar 2011

Inspirasjon og lyst til å skape noko!

Teikne har eg gjort så lenge eg kan hugse. Men dei siste åra har eg brukt pc meir enn eg har halde i ein teikneblyant. Eg har blitt avhengig av Photoshop, og meiner sjølv eg er blitt ganske god. Dei siste åra har eg jobba masse med digital scrapping og Catscrap var min andre heim, eg fikk utløp for teiknelysten ved å teikne og måle krusedullar som eg gjorde om til digitale filer. Men så vart livet for hektisk, små ungar, og flytting, eg ramla heilt ut av scrappinga. Det siste året har eg berre susa rundt på nettet, lest bloggar, alle mulige, mammabloggar, interiør, scrapping, foto, og illustratør/teiknebloggar. Men ikkje fått til noko kreativt sjølv. Her om dagen dumpa eg innom denne fantastiske bloggen her. For nokre teikningar! Vidioar, for nokre fargar, så inspirerande! Mange av teikningane er vidareutvikla i photoshop.

Å scanne inn teikningar og jobbe vidare med dei har eg gjort før, men no fikk eg ny inspirasjon, ny lyst. I dag har eg teikna! Åhhh så godt det var!

Då gutane såg kva eg holdt på med lurte dei på korleis eg hadde fått til det der, dei har faktisk ikkje sett meg teikne slik før. Dei var tydlig inponert av mamman sin. :-) Her er teikninga eg teikna, dette er Ingvarguten min. Ingvar med dei lange mørke augevippene og det litt forunderlige spørrande blikket.





Tvillingane ville og teikne, dei satte seg ned og teikna sjølvportrett, denne flotte teikninga laga Ingvar, då eg såg den viste eg at den måtte bli eit del av bilete eg ville lage. Eg scanna begge teikningane og starta leike meg i photoshop.





Her er så resultatet, eit portrett av Ingvar der eg har brukt både mine teikningar og nokre krussedullar, bakgrunnar og målingsflekkar eg hadde liggande på pcen og Ingvar sitt fantastiske sjølvportret. Eg er ganske nøgd, dette er ein start, kanskje på noko nytt? No har eg ihvertfall fleire idear til andre slike kollasjar.







Eg skal no bestille meir teiknepapir og nye teikneblyantar. juhu! :-)

5 kommentarer:

  1. Så flott, Ida! Skjønar godt at gutane er stolte - og mora også! Tenkjer kunstnar-gena går vidare i arv fra deg óg.

    Lykke til vidare med kreativiteten!

    SvarSlett
  2. Wow, så flinke dere er begge to!

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Så fine tegninger. Likte godt at du har lekt deg med de og satt de sammen. Stilig.

    (LØM)

    SvarSlett