Eg ville gjere trappa svart og kvit. Veggen målte eg i same farge me har i stova, ein lys grå. Helst hadde eg lyst å måle trinna svarte, men altså det var jo uaktuelt, so eg for på leit etter eit fint svart teppe å legge i trinna. Valet fall på eit sissal teppe frå fargerike på Voss.
Sidan me har ein eittåring i hus må me ha trappegrind. Den fekk seg jammen eit målingstrøk den og.
Og så lurar du kanskje på kva det treet gjer der? Eg har ein plan for det sjølvsagt, eg har teikna det sjølv, og fått den flinke gubben til å sage det ut i finer for meg, og så måla eg det i same svarte farge som gelendert. Det skal bli eit slektstre med bilete når det er ferdig.
Ja det var trappa, eg syns den vart både barnevennleg og fin. Eg gledar meg til den blir heilt ferdig, med bilder på veggane og på treet og ei hengelampe i taket. Gangen nede og oppe må og få seg eit målingsstrøk. Då blir det fint!
Dette ble jo knallstilig! God ide med det slektstreet!
SvarSlettFlinke du!
Takk, eg er veldig nøgd med treet sjølv og, blir spennande å sjå korleis det blir med bilder på.
Slettsuperfin trapp da. Kanskje du skulle tatt oppdrag. Vi har noen trapper her i huset og..... Eg og vil og ha sånne trapper:)
SvarSlettHoho, anar du kor lang tid eg har brukt på denne trappa? Nei trur ikkje eg skal ta på meg fleire slike trapper... men takk for komplimanget :-)
SlettNei, så fint! Dette var jo stor forandring! :)
SvarSlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettHei, så lurt!!! Hvordan festet du teppet til trappen? Vanlig saks for å klippe til? Fortsatt fornøyd med løsningen?
SvarSlett