søndag 30. mai 2010

Nesten sommar jo!

Endelig kom varmen. Ungane har til no hatt ullundertøy på, det var faktisk frost her for nokre netter sidan, ungane har brukt vottar når dei syklar til barnehagen om morgonen. Men i dag sprang dei rundt i trusa. Minstemann og! Tenk han bytta ut bleia med truse i dag, han tissa på plenen, var så stolt og klarte å halde seg tørr heile dagen! (Då vart mamma og pappa stolte) Kanskje, kanskje skal han få ha truse i barnehagen i morgon og? Tenk om han hadde kvitta seg med bleie no, det hadde våre deilig det!

Me har brukt dagen i dag i hagen. Mamma og eg har ordna kjøkkenhagen og urtehagen. Mamma har i alle år hatt stor kjøkkenhage, dei (mamma og pappa) har i alle år våre sjølvberga heile vinteren, med poteter, gulrøtter, kålrot, salat, løk, reddik, kruspersille, dill og mykje meir. I drivhuset har dei hatt tomat, squash og agurk. I år blir ikkje kjøkkenhagen prioritert, neste veke startar me nemleg å grave ut tomta på nye kårhuset. Det blir verken plass eller tid til å ha stor kjøkkenhage då. Me får håpe at det blir tid og plass til neste år. Men litt krus og dill og salat blir det i år og.

Ungane var ivrige hjelparar i hagen, det måtte trillast trillebor, og hentast vaten, og hellast vaten, og sølast med vaten (det er jo det kjekkaste av alt). Det var og masse spennande å sjå for nyfikene gutar, Ingvar og Sigve var svært opptat av alle markane og maurane me fant under hellene i krydderhagen.

Litt bilete frå dagen i dag:



Ingvar i full fart!



Tankefulle Vemund. Vemund han har verkeleg bestemt seg for å verte stor no. Han har nemleg kutta ut å sove på dagen. Han nektar, det skal ikkje sovast, og han som står opp så grytidleg, ofte før 6 på morgonen, det endar med at han blir totalt utkjøyrt ved middagstider. Det har hendt han har sovna i middagen sin, stakars liten. Får håpe det går seg til no, og at han skjønnar at det går ann å sove lenger om morgonen. *håpe, håpe*



Sigve med verdas beste pusekatt! Som me er veldig spente på om har kattungar i magen no?



Og på jordet har alle sauene kome ut. Her ei søye med tvillinglam. Reine idyllen dette her ;-)






søndag 23. mai 2010

17. mai bilete

Må jo vise fram ungane med valdresbunadane sine.

Fikk ikkje til noko oppstilt bilete av dei bunadskledde i år, det er ikkje så lett med disse ungane (eller vaksne for den del, alle hadde jo bunad og eg skulle likt å få tatt eit bilete av heile familien, men det får bli neste gong...) så då blir det action bilete i staden.
Ingvar og Vemund ete pølser.


Sigve i farta!



Vemund sovna på pappa si skulder i toget. Det er harde tak for ein snart treåring som har slutta sove på dagen.




Kaldt med godt.


torsdag 20. mai 2010

Ja vi elsker dette lammet!

17. mai feiringa er over. Den vart feira slik den skal med masse is og pølser i magen på glade og fornøgde ungar. Men det me kjem til å hugse frå denne dagen var då Ingvar og Vemund tok med seg flagga sine og vart med på morgonstellet i fjøsen på nasjonaldagen. Sauene fikk då sin eigenkomponerte nasjonalsang framført av Vemund (snart 3 år):

JA VI ELSKER DETTE LAMMET! SØNDAGSKLÆR TIL MOR OG FAR!







lørdag 15. mai 2010

Rydding i hagen

Det er vel ikkje berre her i Borgund me har hatt ein svært klad og trasig vår. Så då det i dag var varmt og tørt ute, så var det hagen som stod for tur, det vart rakt og planta i bedda. Ungane sprang rundt i småsko og utan jakke på, ein fin vårdag endeleg!


Her er nokre bileter frå då pappa kom med den vesle traktoren for å kjøyre vekk rasket frå hagen, han fikk med seg tre gutungar på lasset og, det vart visst veldig gøy å hjelpe til då dei fikk lov å sitte på ;-)






lørdag 1. mai 2010

1. Mai

Eit bilete frå i dag. Nordavinden bles kaldt, me hadde snø i lufta i dag, men det byrjar bli grønt. det er herlig med vår!





Det er i fjøset det skjer for tiden. Me er midt i lamminga. Det er travle tider. Søyene står med ballongmagar (som Ingvar 4,5 år seier) Dei får to, tre, fire og ja det er vist eit par som har fått fem lam kvar! Det brekast med spede stemmer, det spring kopplam i beina på oss. Det er hektisk, til tider kaotisk med søyer som føder på samleband! Om ikkje lenge spring det våryre lam rundt på jordene. Her er eit av dei førstefødte lamma frå i år. Dei er jo så søte disse små.



Minstemann syng bæ bæ lille lam. Sjølv om han er litt skeptisk til dei, han synes lamma er litt for voldsomme når dei kjem og krever flaske ved å hoppe opp på han. Så han finn ut at han skal lage til litt middag i dokkehuset i staden for å være i fjøset. Me vart alle invitert inn for å smake. Selvfølgelig har me tid til det. Her sit ein stolt kokk med "pannekakene" sine :)