onsdag 28. mars 2012

Grøn gele til sjuke gutar.


Når nokon er sjuke her i heimen, då lagar dei gele.
I dag vart det grønn gele.
I går var det raud, eg har desverre ein føling på at det blir mykkje geleeting framover... influensa.

onsdag 14. mars 2012

Ei gul dokkevogn




Dette må vel vere den finaste dokkevogna. Bestemor i valdres har hatt den ståande på loftet i mange år, for denne vogna brukte pappa her i huset då han var liten. Trur egentleg ikkje den er trilla så veldig masse. Men det kjem den forhåpentleg til å bli no. Gul dokkevogn til Solveig, det blir perfekt.
I vogna ligg no ei av mine gamle dokker, som har fått på seg ein kjole eg strikka til Solveig då ho var nyfødd. Ho brukte den på 17.mai då var ho tre dagar gamal. Tenk at ho var så liten. Og teppe eg strikka til ho, det passar perfekt i dokkevogna no. Oppskriftene på teppet og kjolen er frå pickles.
Solveig prøvekjøyrer vogna.

mandag 5. mars 2012

Lengtar etter sommar!



Nokre bilete frå i fjor, mens me lengtar etter sol og varme...
Rart kva ein hugsar, det var jo berre regn i fjor sommar var det ikkje? rart at det er sol på nokre av bildene eg har liggande :-)
Her er det ihvertfall to gutar som kosar seg i varmen med å vaske bobla til Knut.

søndag 4. mars 2012

Lure smil

To lure smil, kva skjular seg bak?.........
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
?
tannlause glis!

fredag 2. mars 2012

Litt måling

Har funne fram målarkosten og viser nokre før og etter bilete.
Tallerkehylla var ubehandla, eg var svært i tvil om kva farge den skulle få. Det vart lilla. Ja eg har dilla på lilla. Og så passa jo lilla så godt til det fine serviset som har eit hint av lilla.

To stolar vart og nye. Grønt og blått vart til svart.
Resultatet av nokre kveldstimar målarjobb ser de her, eg er godt nøgd.
Vesle frøken Sol inspiserar resultatet.

God helg.