fredag 11. mai 2012

Ny trapp

Endeleg er trappa nesten ferdig pussa opp. Fire små ungar og ei bratt glatt trapp er ikkje veldig gøy. So eg og pappan i huset her har hatt mang ein diskusjon om kva me skulle gjere med trappa. Eg hadde veldig lyst å måle trappa, men det var ikkje mannfolket einig i. Alt for farleg meinte han, Springande ungar i sokkelesten, ned trappa, jo eg skjønna kva han snakka om... og så hadde han sikkert klistra stygg antisklitape i trinna om eg hadde måla den. Ja då fekk me finne på noko anna. Teppe? Kan det bli fint da? Tja, her kjem nokre før og etter bilete, vurder sjølv.

 Slik var trappa før, måla på starten av 90 talet. Bonderaudt og bondeblått, på tide med ein oppgradering, heilt klart.


Eg ville gjere trappa svart og kvit. Veggen målte eg i same farge me har i stova, ein lys grå. Helst hadde eg lyst å måle trinna svarte, men altså det var jo uaktuelt, so eg for på leit etter eit fint svart teppe å legge i trinna. Valet fall på eit sissal teppe frå fargerike på Voss.



Sidan me har ein eittåring i hus må me ha trappegrind. Den fekk seg jammen eit målingstrøk den og.

Og så lurar du kanskje på kva det treet gjer der? Eg har ein plan for det sjølvsagt, eg har teikna det sjølv, og fått den flinke gubben til å sage det ut i finer for meg, og så måla eg det i same svarte farge som gelendert. Det skal bli eit slektstre med bilete når det er ferdig.


Ja det var trappa, eg syns den vart både barnevennleg og fin. Eg gledar meg til den blir heilt ferdig, med bilder på veggane og på treet og ei hengelampe i taket. Gangen nede og oppe må og få seg eit målingsstrøk. Då blir det fint!

7 kommentarer:

  1. Dette ble jo knallstilig! God ide med det slektstreet!
    Flinke du!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, eg er veldig nøgd med treet sjølv og, blir spennande å sjå korleis det blir med bilder på.

      Slett
  2. superfin trapp da. Kanskje du skulle tatt oppdrag. Vi har noen trapper her i huset og..... Eg og vil og ha sånne trapper:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hoho, anar du kor lang tid eg har brukt på denne trappa? Nei trur ikkje eg skal ta på meg fleire slike trapper... men takk for komplimanget :-)

      Slett
  3. Nei, så fint! Dette var jo stor forandring! :)

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  5. Hei, så lurt!!! Hvordan festet du teppet til trappen? Vanlig saks for å klippe til? Fortsatt fornøyd med løsningen?

    SvarSlett