Viser innlegg med etiketten fargar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fargar. Vis alle innlegg

torsdag 26. juni 2014

Kanskje

blir dette ein kreativ sommar?

Gi meg litt overskudd, tid og inspirasjon, så skal eg prøve så godt eg kan.
 
Eg føler eg er godt i gang, ungane har vore på aktivitetskule denne veka, så eg er åleine heime (i går og i dag). Då nytta eg høvet til å finne fram akrylmålinga, og eit gamalt bilete som eg starta på for ei stund sidan. Ei stund før minstemor var fødd.
 
 
...og ho er vist alt blitt tre år...
 
 
 
Men altså dette insektet gjorde eg ferdig i går, på verandaen i solskinnet.

 
 
 
Eg set meg herved eit mål for sommaren, den skal vere kreativ.
 
Masse teikning og måling håpar eg at eg får til...

søndag 6. april 2014

Møt ungane

 
Stova vår trengte litt fargar, eit måleri hadde vore fint, tenkte eg. Då fekk eg ein glimrande ide, og sette ungane i sving. Dei skulle få lage seg kvart sitt fargerike sjølvportrett.
 
Vart dei ikkje fantastisk flotte?
 
 
 
 
 
 
 
Her har me klovnen vår Sigve (Han blir 9 år i juli)

 
Tvillingbroren Ingvar som for tiden har gløymt korleis ein smiler til eit kamera... (blir 9 år i juli)
 
 
 
Solstråla vår Solveig (blir 3 år i mai)
Ho tykkte dette var superartig, og ville måle meir! Det er fyrste måleriet hennar som ikkje berre er ein fargeklatt, ho såg på brødrene når dei måla og herma etter dei. Sjå kor stolt ho er av seg sjølv!
 

 
Og til slutt midt-i-mellom-ungen Vemund (blir 7 år i juni)
 
Disse kunstverka skal få lov å henge over fjernsynet i stova vår.
 
Ungane har måla med akrylmåling på lerret kjøpt på Chlas Olson. Fyrst måla dei heile lerretet i bakgrunnsfargen(eg hjalp til med å blande fargane deira), og lot den tørke. Så måla dei hudfargen over, akrylfarge er dekkande så dei kunne male oppå om det vart feil eller dei vart missfornøgde. Til slutt var det å måle detaljar i ansiktet.
 
Eg syns faktisk at portretta liknar, dei har jo fått fram karakteristiske trekk ved seg sjølve. Dei fekk studere seg sjølv i spegel, slik at hovudfasong, auger nase osv... skulle få riktig fassong. 
 
Veldig nøgd mamma og ungar!