Viser innlegg med etiketten Teikning. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Teikning. Vis alle innlegg

torsdag 26. juni 2014

Kanskje

blir dette ein kreativ sommar?

Gi meg litt overskudd, tid og inspirasjon, så skal eg prøve så godt eg kan.
 
Eg føler eg er godt i gang, ungane har vore på aktivitetskule denne veka, så eg er åleine heime (i går og i dag). Då nytta eg høvet til å finne fram akrylmålinga, og eit gamalt bilete som eg starta på for ei stund sidan. Ei stund før minstemor var fødd.
 
 
...og ho er vist alt blitt tre år...
 
 
 
Men altså dette insektet gjorde eg ferdig i går, på verandaen i solskinnet.

 
 
 
Eg set meg herved eit mål for sommaren, den skal vere kreativ.
 
Masse teikning og måling håpar eg at eg får til...

søndag 6. april 2014

Møt ungane

 
Stova vår trengte litt fargar, eit måleri hadde vore fint, tenkte eg. Då fekk eg ein glimrande ide, og sette ungane i sving. Dei skulle få lage seg kvart sitt fargerike sjølvportrett.
 
Vart dei ikkje fantastisk flotte?
 
 
 
 
 
 
 
Her har me klovnen vår Sigve (Han blir 9 år i juli)

 
Tvillingbroren Ingvar som for tiden har gløymt korleis ein smiler til eit kamera... (blir 9 år i juli)
 
 
 
Solstråla vår Solveig (blir 3 år i mai)
Ho tykkte dette var superartig, og ville måle meir! Det er fyrste måleriet hennar som ikkje berre er ein fargeklatt, ho såg på brødrene når dei måla og herma etter dei. Sjå kor stolt ho er av seg sjølv!
 

 
Og til slutt midt-i-mellom-ungen Vemund (blir 7 år i juni)
 
Disse kunstverka skal få lov å henge over fjernsynet i stova vår.
 
Ungane har måla med akrylmåling på lerret kjøpt på Chlas Olson. Fyrst måla dei heile lerretet i bakgrunnsfargen(eg hjalp til med å blande fargane deira), og lot den tørke. Så måla dei hudfargen over, akrylfarge er dekkande så dei kunne male oppå om det vart feil eller dei vart missfornøgde. Til slutt var det å måle detaljar i ansiktet.
 
Eg syns faktisk at portretta liknar, dei har jo fått fram karakteristiske trekk ved seg sjølve. Dei fekk studere seg sjølv i spegel, slik at hovudfasong, auger nase osv... skulle få riktig fassong. 
 
Veldig nøgd mamma og ungar!
 
 

fredag 4. april 2014

Sko kan brukast til mangt

 
Gutane likar å teikne, og det er ekstra stas når dei får store tjukke teikneark. Legg merke til at begge to teiiknar like masse med tunga...
 
 

 
Flinke er dei!
 


fredag 7. februar 2014

Åleine heime...

 
Prøver å få tid til litt teikning, men det er jammen ikkje enkelt. Burde jo helst vaska og bretta eit fjell med klede, eller vaska badet, for ikkje å snakke om kjøleskapet....
 
Er åleine heime, huset er tomt berre meg, katten, teikneblokka og Photoshop. 
 
Dette vart resultatet...
 
 
 
Tja...
 
Husvask kan eg gjere seinare, dette er jo mykje meir moro!

tirsdag 7. januar 2014

Frå ungane

Sidan jula no er over og alle gåver er gitt bort å pakka opp, så kan eg vise dei fine koppane ungane dekorerte og gav bort til besteforeldre, tanter og onklar. Syns dei vart kjempefine!


 
Tekstane på koppane har dei funne på heilt sjølv, det stod blant anna: "Goffa du er flink til å jage sauer", "Onkel Marius er kul" Og "Tora er super genijal" "Bestefar er flink til å mjølke syrene" Herlig ikkje sant!

fredag 28. desember 2012

Lenge sidan sist.

Stille i huset, eg har ferie, ingen jobb som ventar i morgon, ungane søv, eg og katten er åleine heime. Trur det er minst eitt år sidan eg teikna sist. Plutseleg teiknar eg att. Kanskje blir det meir? Håpar det.


Før jul pussa eg opp hagestova, sette inn ein pult og vips så vart det arbeidsbenk. Supert å sitte her å teikne når ungane søv, på dagtid er det ungane som teiknar og jobbar her.


Dagens (eller nattas) resultat, blekk, pensel og penn. Skal teikne meir med blekk, det er gøy men vanskeleg, er ikkje heilt nøgd med denne teikninga...


lørdag 12. mai 2012

Gjengen min



Må berre vise dei fram, dei fire finaste som fins.

onsdag 19. januar 2011

Inspirasjon og lyst til å skape noko!

Teikne har eg gjort så lenge eg kan hugse. Men dei siste åra har eg brukt pc meir enn eg har halde i ein teikneblyant. Eg har blitt avhengig av Photoshop, og meiner sjølv eg er blitt ganske god. Dei siste åra har eg jobba masse med digital scrapping og Catscrap var min andre heim, eg fikk utløp for teiknelysten ved å teikne og måle krusedullar som eg gjorde om til digitale filer. Men så vart livet for hektisk, små ungar, og flytting, eg ramla heilt ut av scrappinga. Det siste året har eg berre susa rundt på nettet, lest bloggar, alle mulige, mammabloggar, interiør, scrapping, foto, og illustratør/teiknebloggar. Men ikkje fått til noko kreativt sjølv. Her om dagen dumpa eg innom denne fantastiske bloggen her. For nokre teikningar! Vidioar, for nokre fargar, så inspirerande! Mange av teikningane er vidareutvikla i photoshop.

Å scanne inn teikningar og jobbe vidare med dei har eg gjort før, men no fikk eg ny inspirasjon, ny lyst. I dag har eg teikna! Åhhh så godt det var!

Då gutane såg kva eg holdt på med lurte dei på korleis eg hadde fått til det der, dei har faktisk ikkje sett meg teikne slik før. Dei var tydlig inponert av mamman sin. :-) Her er teikninga eg teikna, dette er Ingvarguten min. Ingvar med dei lange mørke augevippene og det litt forunderlige spørrande blikket.





Tvillingane ville og teikne, dei satte seg ned og teikna sjølvportrett, denne flotte teikninga laga Ingvar, då eg såg den viste eg at den måtte bli eit del av bilete eg ville lage. Eg scanna begge teikningane og starta leike meg i photoshop.





Her er så resultatet, eit portrett av Ingvar der eg har brukt både mine teikningar og nokre krussedullar, bakgrunnar og målingsflekkar eg hadde liggande på pcen og Ingvar sitt fantastiske sjølvportret. Eg er ganske nøgd, dette er ein start, kanskje på noko nytt? No har eg ihvertfall fleire idear til andre slike kollasjar.







Eg skal no bestille meir teiknepapir og nye teikneblyantar. juhu! :-)

tirsdag 12. oktober 2010

Atlieet tatt i bruk

Som tidligare nemt så laga pappa og sambo atlie på loftet over sauefjøsen i vinter. Endelig har eg fått tatt det i bruk! Det har blitt eit kjempekoselig rom med utsikt over tunet. Ein fin detalj, og det som gjer heile rommet er glasrekka mellom taka på gamlefjøsen (redskapshuset) og sauefjøsen. Det har bitt så flott, masse lys strøymer inn i atlieet via vindauga!






I vår målte eg tak og veggar i rommet lyst. Var litt av ein jobb å gjere åleine, men så vart det jo så fint til slutt. Sjå den fine skråveggen med glasrekka! I skråtaket er det og to takvindu. Kven skulle tru at dette liksom er eit fjøs? (når eg er der høyrer eg sauene brekar i fjøset under meg, gansge koselig eigentleg)



No er rommer innreid, mykje av det som står her er kun midlertidig, atlieet vert og brukt som lager intill me flyttar inn i hovudhuset. Så det er litt fullt her no med diverse møblar som eigentleg skal inn i huset. Men eg har fått innstallert all målesaker, lerret, teiknesaker, stoff, symaskin, strikkegarn, bøker, gamle skisser og andre kunst prosjekt. Jada rommeter ganske så fullt no.




Her er plassen eg sit å teiknar under takvinduet. Det er så deilig å sleppe å rydde fram og rydde tilbake alt utstyret. Å kunne ha sitt eige rom utan at ungane skal komme å "vere med" og rote. Fantastisk er det. Det fyrste eg teikna her er augestikkaren i bilete over, no har eg planar om å lage eit stort måleri med fleire augestikkarar, åhh så gøy å kjenne kreativiteten komme sigande igjen, har ikkje blitt mykje måling og teikning dei siste åra. Er ikkje så lett når ein ikkje har plass eller tid, no har eg all den plass eg kan ynskje meg, så får me håpe eg får litt tid?


Litt meir av rommet, bokhyllene er stappfulle alt, kunstbøker med masse inspirasjon og masse interiørblader, eg skal jo snart innrede eit stort hus, så dei kjem godt med.



Og så det eg er mest nøgd med, trådhylla med alt strikkegranet i, sortert etter fargar. Eg ante faktisk ikkje at eg hadde så mykje garn, eg hadde ein pose her og ein der, overalt fant eg garnrestar og strikkepinnar, endelig har eg fått orden i kaoset, no er det berre å sette igeng å strikke!


No er ungane lagt, so då trur eg at eg tar turen opp på "hybelen" min att og prøvar å måle litt, eg har installert ei seng der, så om eg vil kan eg jo eigentleg berre flytte inn ;-)