Viser innlegg med etiketten handarbeid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten handarbeid. Vis alle innlegg

lørdag 18. januar 2014

Varm strikk

Det er blitt kaldt, og endeleg kan eg tre på ungane strikkagensarar. I haust nistrikka eg til 8-åringane, dei må jo ha minst ein heimestrikka gensar kvar! Eg er ikkje akkurat ein reserstrikkar, så då er det dei eldste som får nye gensarar, mens dei to minste arvar.
 
 
Gode varme gensarar i fine fargar og mønster!
 
 
Kva er liksom vitsen med å ta bilder av berre gensarar då mamma? Eg må vel vera med eg og?

 
(Kjolen til Solveig er og heimestrikka, har vist laga eit innlegg om den her.
 
Ha ei fin strikkehelg!


fredag 1. november 2013

Tunga rett i munnen!

To som lærar seg å strikke.


tirsdag 28. mai 2013

Å strikke til tvillingar...

I alle år har ungane hatt bunadar på 17. mai. Me er så heldige å ha arva bunadar på begge sider av slekta, så det har alltid vore ein som har passa. Men dei to store slampane av nokre tvillingar kom ikkje inn i nokon bunad i år. Kva skulle dei då ha på seg? 

Eg hadde ein plan. Strikke vestar, det er ikkje så vanskeleg, det får eg til før 17. mai. Jadda!



Som sagt så gjort. Eg hadde ein knøttliten vest liggande som eg fant på hytta til svigers. Det var vist eine onkelen til gutane som brukte den som liten. Slik vest ville eg strikke. Fint mønster, smårutete på baksida og større på framsida. Eg hadde god tid, kjøpte garn rett etter påske, og planen var klar. To slike vestar til 17. mai. Kanskje i to ulike farge kombinasjonar...


Jadda, god tid...

Kven var det som nistrikka dagane før 17. mai? Og kven var det som berre fikk ferdig ein vest? Så vidt... 

Å strikke til tvillingar er kjedelig!
Når du er ferdig med ein så er du berre komt halvegs, for broren må jo ha han og... Denne gongen rakk eg ikkje det, eg hadde ein vest, og to gutar.

Kva gjorde eg? Enden på visa  var at ein fekk ein nystrikka vest, og den andre fekk ein gamal vest som pappa hadde som liten. Hadde heilt gløymt at eg hadde den liggande. Og den var jo eigentleg kjempefin!


Den blå er den arva, den grå har eg strikka.


Fin gut i pappa sin gamle vest.


Gutta boys saman med veslesyste i hallingstakken som eg gjekk med som lita.



Og til slutt må eg vise fram heile gjengen. Ein valdresgut, ei hallingjente og to bandittar i strikkavestar.




lørdag 21. april 2012

Lilla strikk

Strikkar opp litt restegarn, og vetlemor har fått lilla sjal og strømper.
No står ho i stil med mora si ;-)



onsdag 14. mars 2012

Ei gul dokkevogn




Dette må vel vere den finaste dokkevogna. Bestemor i valdres har hatt den ståande på loftet i mange år, for denne vogna brukte pappa her i huset då han var liten. Trur egentleg ikkje den er trilla så veldig masse. Men det kjem den forhåpentleg til å bli no. Gul dokkevogn til Solveig, det blir perfekt.
I vogna ligg no ei av mine gamle dokker, som har fått på seg ein kjole eg strikka til Solveig då ho var nyfødd. Ho brukte den på 17.mai då var ho tre dagar gamal. Tenk at ho var så liten. Og teppe eg strikka til ho, det passar perfekt i dokkevogna no. Oppskriftene på teppet og kjolen er frå pickles.
Solveig prøvekjøyrer vogna.

mandag 20. februar 2012

Puff med pus

Fine pusen vår har fått ny favorittplass i stova. Eg strikka denne puffen for ei stund sidan. Både pus og ungane er blitt veldig glad i den. Oppskrifta på puffen er frå Pickels slett ikkje vanskeleg å få til.
Ha ein fin dag :-)