søndag 16. mars 2014

Nytt gamalt skatoll

Me har fått oss nytt skatoll, eller det er vel ikkje akkurat nytt, heller gamalt. Svigermor som lurte på om me ville ha det, og det ville me sjølvsagt, syns det var veldig fint! Og me hadde ein fin krok ledig i spisestova (når me flytta ei talerkenhylle). Perfekt plass var det.




 
 
Måtte henge opp nokre bilete på veggen og så fekk globusen som gutane fekk til jul plass på toppen, saman med litt anna. Fin plass til slike ting som er fine å sjå på men som me ikkje brukar så ofte.
 
 
 
Reknar ikkje at me kjem til å få problemer med å fylle det opp med ting og tang... Sjå alle dei fine skuffene bak lemmen (eller kva det no heiter.) Når eg tenker meg om er eg igrunn ikkje sikker på om det er eit skatoll eller ein komode? kva er forskjell på det eigenteleg?
 


 
 
 
Kjekt med nye (gamle) ting!