Viser innlegg med etiketten fjell. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fjell. Vis alle innlegg

søndag 3. november 2013

Sommar på fjellet

Nokre bilete frå i sommar, ein tur på Tvindehaugen!






søndag 29. september 2013

Sauesank

Nesten all sauen er no komen heim frå fjellet. Me har hatt nokre flotte dagar i fjellet for å hente ulldottane våre heim. Haustfargane er finast på fjellet!



 





lørdag 27. juli 2013

Tyin

Har hatt ein super dag på fjellet med ungane. Tordenværet herja rundt oss på alle kantar, men me slapp unna og kosa oss med grilling, bading og litt fisking.


Ungane er nokre tøffingar og hoppa i Tyin!


Mørke tordenværskyer som heldigvis ikkje kom vår veg.


Sigve med fiskestang. Det vart ingen fisk men det gjorde ingenting.


Pappa og Vemund fiskar i Tyin.


Solveig.


Litt av ein utsikt frå Tvindehaug hytta. 


Nokre badar og andre fiskar.

 

Jotunheimen er flott! Falketind og Uranostind i horisonten.


Ingvar fann seg ein liten venn!

søndag 24. februar 2013

Vinterferien

Me har hatt nokre flotte dagar på fjellet i strålande sol! Ungane har storkosa seg, i slalombakken, på skiturar med kvikklunsj og varm saft på termos. 7 åringane gikk lange fjellturar, slo den gamle rekorden sin og gikk langt og lenger enn langt. 5 åringen gikk han og, og han var i den store slalombakken! Flinke ungar både på nedover og bortover ski, det blir mange nye kilometer å skrive opp på distanskorta no. Minstemor ho fikk ligge i den gamle pulken, ho sov i fleire timar kvar dag, fjellufta gjer sitt. Slitne og trøytte ungar kvar kveld. Akkurat slik det skal vere.