søndag 10. juni 2012

Piratbursdag!

Vemund vart FEM år på laurdag. Dagen feira han som pirat.

Dette var invitasjonen me sendte ut.


Endeleg var dagen her, veret var fint og Vemund stor koste seg som hovedpersonen! Nytt piratkostyme var stor stas, hagen krydde av små piratar og nokre sabeltannar (eller skrivast det tenner???)


Alle fikk plass i piratskipet etter ein spennande skattejakt.
Bursdagsbarnet var strålande nøgd med dagen, og det er jo det viktigaste!
Då var mellomste guten vår feira, no er det berre ein månad så blir det dobbel 7-års dag i Flintegarden, kva skal me finne på då?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar