torsdag 26. desember 2013
onsdag 18. desember 2013
søndag 15. desember 2013
RÅÅÅÅSA!
Eg hadde faktisk ikkje trudd at eg nokon gong skulle lage rosa jenterom, men det er eg i full gang med no. Tanken var at det skulle vere eit hint rosa, men det vart vist litt meir... Men eg reknar med at prinsessa vår kjem til å bli henrykt når ho ser resultatet.
her er nokre undervegs bilete av det RÅSA oppusingsprosjektet.
her er nokre undervegs bilete av det RÅSA oppusingsprosjektet.
Eg hadde akkurat litt for lite tapet, sjølvsagt, men ny rull er på veg i posten.
Her skal senga stå i kroken under den rosa himmelen. Skyene har eg måla på sjølv, og dei er vel det eg er mest nøgd med i heile rommet. Eg har bestilt dette stoffet frå Blafre som eg skal lage ei gardin av som skal henge frå skråtaket og ned.
Tapeten heiter slottshagen, det passar vel til ei lita prinsessse på to år!
Eg gledar meg til ho kjem heim frå helgetur med Mommo og goffa i kveld!
onsdag 11. desember 2013
Snø i Mumidalen
Eg prøvde meg på nokre julekortbilete, men det er jammen ikkje lett å få fire små til å sjå bra ut på same bilete, her er nokre smakebitar, kva som bil julekort i år er enno ikkje bestemt...
Sit i ro og smil fint, takk!
Oi, veslesyster er vist litt trøytt...
Og ikkje heilt i form til å smile...
Sånn, kanskje det hjelpe med ein drops?
Fleire som vil ha drops ja!
Stemningen på topp med drops i munnen!
Smiiiil!
Litt snø i lufta?
Ok, me var vist ferdige...
Ja, det er tid for ein liten lur no, Solveig.
Etiketter:
dokkehus,
Jul,
mummi,
tvillingar,
Ungane
lørdag 7. desember 2013
Enkel og billig julepynt
Tradisjonen tru har ungane og eg klypt snøkrystallar til jul. Før har eg hengt dei i vindauga i vinterhagen, det kan du sjå her. Det blir sikkert produsert fleire etterkvart så blir vel litt i vindauga i år og vil eg tru.
Fine, ikkje sant!
Etiketter:
Flintegarden,
Interiør,
Jul,
julepynt,
klippe papir
Abonner på:
Innlegg (Atom)