lørdag 3. desember 2011

Snøkrystallar i vindauget

Photobucket
I dag har eg og ungane kosa oss med papirklypping. Resultatet heng i vindauga i hagestova.

Så får me berre håpe at pus lar dei vere i fred. (For ikkje å snakke om den veldig utforskande og mobile babyen vår...)

Photobucket

torsdag 1. desember 2011

Kapper til små superheltar

Photobucket
Er ikkje denne vesle karen kul? Med superheltkapper blir gutta her i huset superkule og tøffe.
Hadde besøk av Linda og gutane hennar ein dag, og lovde ho å ta bilder av kappene slik at ho kan lage til gutane sine. Så her kjem nokre bilder og litt forklaring.
Kappene har eg sydd av diverse stoff kjøpt på IKEA (for nokre år sidan) Eg har laga fram og bakside, med bokstaven i namnet deira som logo på eine sida og nokre stjerneapplikasjonar på den eine innsida. Kappene kan brukast begge vegar. Den eine fliken på høgre side er større enn den på venstre side. den har og to store knapphol, slik at ein kan putte heile fliken gjennom. Då festar kappa seg rundt halsen utan fare for at ungen blir kavlt om han heng seg opp i noko. Disse kappene er enkle å sy, og superpopulære her i huset.
Ha ein SUPER DUPER dag!

tirsdag 20. september 2011

Ny stove.

Stova er blitt ny, tak og veggar har fått ny farge. Ny sofa, og "nytt" gammalt bord. Godt nøgd med resultatet ja!

neste prosjekt ser ein bak vogga, her målast og tapetserast det.

lørdag 10. september 2011

Eit nytt familimedlem.

På tide å blogge litt att. Har jo verdas skjønnaste vesle jente å vise fram! 14. mai vart solstråla vår fødd. Vesle Solveig. Ho er ein skjønn baby, rolig, blid og fornøgd, og storebrødrene er alle heilt betatt av ho.
Dei fire herligaste ungane som er.




torsdag 31. mars 2011

Guterom - verdensrom

Gutane skal ha rom. Tre guterom skal me pusse opp i huset me snart flyttar inn i, trur det kan bli gøy. Eg har mange tankar om korleis eg vil ha dei, håpar berre gutane er einige med meg. Leikne, spreke og fargerike rom til aktive og viltre gutar på 6 og 4 år. I kveld har eg titta rundt på tapetar og fargar. Eg fikk lyst å lage eit verdensrom til eine 6 åringen ;-)




Disse klistremerka frå wallies.com har eg forelska meg i.





Ser for meg ein mørk blå kansje svart vegg (om eg tørr det) med disse på. Eller ha dei inni ei innebygd seng under skråtaket? To av soveromma har skråtak, så må få utnytta plassen der.


Og så fant eg speglar forma som stjerner på kidsparadise.no. Dei inst i ulike storleikar.






Og ei stjerne knaggrekke


Men altså kva fargar skal på veggane? Ein mørk mørk blå vegg med klistremerker eller svart, og så kvitt? Eller fleire blåfargar? Lysare men ikkje pastell, kanskje turkis? Hmmm... Ikkje lett. Bruke turkisfargane frå klistremerka, det kan jo funke.


Gøy å planlegge, no kjem eg til å drøyme om mørke blåfragar, stjerner og planetar i natt. Må vise klistremerka til gutane og sjå kva dei tykkjer, likar dei dei så trur eg at me går for verdensrom tema på eit av barneromma :-)

søndag 20. mars 2011

fredag 25. februar 2011

Den store flyttesjauen nærmar seg...

Og det er både godt og skremmande på same tid. Me har no budd trangt og kaldt i snart to år, så det å få større hus det skal bli godt. Men alt som skal gjerast, phu, det er ikkje lite. Til å starte med så skal me berre komme oss i hus, før babyen kjem. 5. mai er termin. Eg går ut i permisjon veka før påske, då har me planar å starte flyttinga. Så blir det forhåpentleg oppussing utover sommaren? Eg har mange idear og tankar for huset, det har stort potensiale, eg gledar meg! (og gruar meg litt)

Her er nokre bilder av korleis det ser ut no, alle rom skal nok få nye fargar. Bondeblått, bonderaudt, oker og furupanel skal skiftast ut med lysare fargar. Ja det trur eg blir bra!



Kjøkkenet

Kjøkkenet er skikkelig flott. Mamma fikk det bygd til huset og det er solid heiltre og veldig bruksvennleg for ein stor familie. Det treng ein grundig omgang med målarkost, taket og. I første omgang målar me vel både bjelkar og tak kvitt, så får me sjå om bjelkane skal få ein annan nyanse etter kvart. Grått kanskje? Eller blir det fint med heilt kvitt tak? Det hadde jo våre enklast, det er mange bjelkar...


Gang og trapp



Okergul gang med terakottafarga fliser og blåe lister. Ja trengs vist litt målingshjelp og ny tapet over brystninga her og. Golvet beheld me, så då får me jobbe ut frå det. Ser kanskje for meg gråfargar? Eller lyse beige tonar? Panelen på doen blir nok i same farge som gangen. Trappa? Den er måla frå før, så ser for meg litt mørkare grå trappetrinn, kvite sprinklar og grå/svart rekkverk. Og så må den bli barnevennleg da. Måling er glatt. Kan ikkje lage sklifarleg trapp. Må undersøke meir her ja.


Spisestova



Raudmåla brystning med tapet over. Bjelker i taket, dei blir jo kvite i fyrste omgang sidan taket heng saman med kjøkkentaket. Over brystninga skal eg finne ein flott tapet, trur kanskje at fargane i tapeten kan gå att i fargevalet både på kjøkkenet og på panelen i spisestue, kjøkken og kanskje og stova. Alle disse romma heng saman, det er open løysing rundt peisen som står i midten av huset. Så alle romma må nok ha fargar som står godt saman, er ingen dører her.


Har sett på tapeter og det fins jo så mykje fint no. det kjem ikkje til å bli lett å velje har eg skjønt. Var på fargeriket på Voss i går og såg på blant anna Borge tapetar.


Nokre tapetar eg har sett på:
Lilla er tydelegvis ein farge som er inn no. Og ja eg elskar jo lilla, men trur ikkje eg tørr ha masse av det. Spørst om eg heller ikkje skal lage lilla soverom.

Vinterhagen

Den er kvitmåla, så det blir ikkje det rommet som blir prioritert i fyrste omgang, det skal møblerast, det må eg tenke litt på. Ser for meg innebygde benker med masse fine puter, ein god lesekrok kanskje, og gardiner. Heile huset må vel ha gardiner, eller kanskje ikkje?
Og så er det resten av huset da, det skal pussast opp barnerom, tre stykk minst, soverommet vårt, kontor til Knut i kjellaren og sikker masse meir og... Sa eg at me hadde mykje å gjere framover? Eg håpar verkeleg denne babyen som kjem er ein roleg sovebaby.

onsdag 19. januar 2011

Inspirasjon og lyst til å skape noko!

Teikne har eg gjort så lenge eg kan hugse. Men dei siste åra har eg brukt pc meir enn eg har halde i ein teikneblyant. Eg har blitt avhengig av Photoshop, og meiner sjølv eg er blitt ganske god. Dei siste åra har eg jobba masse med digital scrapping og Catscrap var min andre heim, eg fikk utløp for teiknelysten ved å teikne og måle krusedullar som eg gjorde om til digitale filer. Men så vart livet for hektisk, små ungar, og flytting, eg ramla heilt ut av scrappinga. Det siste året har eg berre susa rundt på nettet, lest bloggar, alle mulige, mammabloggar, interiør, scrapping, foto, og illustratør/teiknebloggar. Men ikkje fått til noko kreativt sjølv. Her om dagen dumpa eg innom denne fantastiske bloggen her. For nokre teikningar! Vidioar, for nokre fargar, så inspirerande! Mange av teikningane er vidareutvikla i photoshop.

Å scanne inn teikningar og jobbe vidare med dei har eg gjort før, men no fikk eg ny inspirasjon, ny lyst. I dag har eg teikna! Åhhh så godt det var!

Då gutane såg kva eg holdt på med lurte dei på korleis eg hadde fått til det der, dei har faktisk ikkje sett meg teikne slik før. Dei var tydlig inponert av mamman sin. :-) Her er teikninga eg teikna, dette er Ingvarguten min. Ingvar med dei lange mørke augevippene og det litt forunderlige spørrande blikket.





Tvillingane ville og teikne, dei satte seg ned og teikna sjølvportrett, denne flotte teikninga laga Ingvar, då eg såg den viste eg at den måtte bli eit del av bilete eg ville lage. Eg scanna begge teikningane og starta leike meg i photoshop.





Her er så resultatet, eit portrett av Ingvar der eg har brukt både mine teikningar og nokre krussedullar, bakgrunnar og målingsflekkar eg hadde liggande på pcen og Ingvar sitt fantastiske sjølvportret. Eg er ganske nøgd, dette er ein start, kanskje på noko nytt? No har eg ihvertfall fleire idear til andre slike kollasjar.







Eg skal no bestille meir teiknepapir og nye teikneblyantar. juhu! :-)

mandag 3. januar 2011

Snart skulegut!

Ingvar veit at når ein byrjar på skulen, då er ein stor gut, og ein har byrja miste tenner.
I går mista han si tredje tann (den eine oppe slo han ut i sommar) og ei tann har byrja vokse ut at.
"Mamma, no har eg mista TRE tenner, no er eg faktisk nesten skulegut!"
Ja tenk det er du vennen min!
Til hausten byrjar Ingvar (og Sigve) på skulen, hjelp kor fort tiden går!



Eg reknar med eg kan ta eit slikt bilete av tvillingbroren om ei lita stund, han har mista ei tann nede, og ruggar ivrig på neste...

lørdag 1. januar 2011

Nye skøyter til jul!

Gutane fekk skøyter til jul! Stor stas, 5-åringane brukte ikkje lange tida før dei skjønna teknikken, litt øving, knall og fall så skøyta dei så fint på glattisen.

3-åringen var meir som bambi på isen, då var det godt ha med seg onkel til hjelp.



Tora og Nazanin




Gøy var det, blir nok fleire skøyteturar på oss i vinter.
Håpar alle har hatt ei fin nyttårsfeiring!
Godt nyttår!