torsdag 26. juni 2014

Kanskje

blir dette ein kreativ sommar?

Gi meg litt overskudd, tid og inspirasjon, så skal eg prøve så godt eg kan.
 
Eg føler eg er godt i gang, ungane har vore på aktivitetskule denne veka, så eg er åleine heime (i går og i dag). Då nytta eg høvet til å finne fram akrylmålinga, og eit gamalt bilete som eg starta på for ei stund sidan. Ei stund før minstemor var fødd.
 
 
...og ho er vist alt blitt tre år...
 
 
 
Men altså dette insektet gjorde eg ferdig i går, på verandaen i solskinnet.

 
 
 
Eg set meg herved eit mål for sommaren, den skal vere kreativ.
 
Masse teikning og måling håpar eg at eg får til...

onsdag 11. juni 2014

Sommar!

For ein start på sommaren me har hatt!











 
Håpar alle andre nyter gode sommardagar slik denne gjengen her gjer!