tirsdag 28. mai 2013

Å strikke til tvillingar...

I alle år har ungane hatt bunadar på 17. mai. Me er så heldige å ha arva bunadar på begge sider av slekta, så det har alltid vore ein som har passa. Men dei to store slampane av nokre tvillingar kom ikkje inn i nokon bunad i år. Kva skulle dei då ha på seg? 

Eg hadde ein plan. Strikke vestar, det er ikkje så vanskeleg, det får eg til før 17. mai. Jadda!



Som sagt så gjort. Eg hadde ein knøttliten vest liggande som eg fant på hytta til svigers. Det var vist eine onkelen til gutane som brukte den som liten. Slik vest ville eg strikke. Fint mønster, smårutete på baksida og større på framsida. Eg hadde god tid, kjøpte garn rett etter påske, og planen var klar. To slike vestar til 17. mai. Kanskje i to ulike farge kombinasjonar...


Jadda, god tid...

Kven var det som nistrikka dagane før 17. mai? Og kven var det som berre fikk ferdig ein vest? Så vidt... 

Å strikke til tvillingar er kjedelig!
Når du er ferdig med ein så er du berre komt halvegs, for broren må jo ha han og... Denne gongen rakk eg ikkje det, eg hadde ein vest, og to gutar.

Kva gjorde eg? Enden på visa  var at ein fekk ein nystrikka vest, og den andre fekk ein gamal vest som pappa hadde som liten. Hadde heilt gløymt at eg hadde den liggande. Og den var jo eigentleg kjempefin!


Den blå er den arva, den grå har eg strikka.


Fin gut i pappa sin gamle vest.


Gutta boys saman med veslesyste i hallingstakken som eg gjekk med som lita.



Og til slutt må eg vise fram heile gjengen. Ein valdresgut, ei hallingjente og to bandittar i strikkavestar.




lørdag 4. mai 2013

Vårens vakraste eventyr!

Sjølv om våren lar vente på seg, er det full fart i fjøsen. sauelembingi er i gang.