søndag 1. august 2010

5-åringane våre!

10. juli vart dei to flotte gutane våre 5 år. Me var då på Åland. Og tenk, Oliver som var ein av dei me reiste saman med fylte 3 år same dagen. Det vart feira med blåbærmuffins på alle. Ganske gøy, av dei fem ungane som var med på tur, hadde tre bursdag same dagen. Her er dei samla alle mann. Gjett om det vart fest! :-)


Vel heime etter ein flott ferie, så var det på tide med eit skikkelig barneselskap. Eg tenkte at mange av ungane frå barnehagen sikkert hadde ferie, men nei da, ingen var bortreist og alle kom, det vart ein flott feiring med maaaaange ungar. Som vanleg vart det tatt altfor få bilete, eg var alt for opptatt med å servere pølser, kaker og brus, og passe på at ungar ikkje sprang ut i sokkelesten i regnværet, er det ikkje typisk at det må regne på slike dagar... Ingvar han blåste ut lysa før nokon rakk å finne fram kamera, og då skunda Sigve seg å blåse ut sine og. Og så var det berre å hogge innpå, så kaka som eg jo skulle ha tatt bilde av på forhand, ei sjørøvarskute (som vart veldig fin ;-) ), ho forsvant i gapet på svoltne ungar før nokon fikk foreviga ho desverre. Jaja, ungane hadde det i hvertfall gøy.

Då Ingvar skulle legge seg sa han: "Mamma dette var den besteste bursdagen av alle!"

lørdag 24. juli 2010

Vemund på fjelltur.

Måndag 19. juli tok me med ungane til stølen. Tante Tora og Onkel Eilert var med. Me gikk frå bilen og opp til stølsbua, plutselig fikk Vemnud eit annfall av slitne bein som ikkje ville bære han. "Maaaaamma du må bææææææje mei" Noko eg ikkje orka, han er jo faktisk ganske så tung blitt. Stakars han var heilt knust, no var han vist blitt bitteliten igjen, han som for litt sidan var sååååååå stor, han har jo slutta med bleier og alt mulig. Men nei no var han liten no, liten baby faktisk! Me kom oss tilslutt opp til bua, Vemund måtte berre innsjå at mamma ikkje bar han og han gikk, noko furten og sutrete, det var vel kanskje berre 50 meter til bua. Dei 50 metrane var lange gitt...

Gjett om det var godt å få grilla pølser og sveler steikt på takke over bål ved stølen då! Etter ei stund ville femåringane, tante og onkel gå lenger, opp til veslefjellet og litt innover. Men det kunne jo ikkje Vemund være med på, han var jo liten og sliten. var han ikkje?

Åneida, no hadde han fått uante superkrefter (lurar på om det var noko i svelerøra som onkel lagde) Vemund han gikk, rett opp bratte stigen og opp på veslefjellet. Store flinke vesle guten vår!
Huhei kor det går, tante og Vemund i full fart oppover.


Ein stolt og glad gut poserer på toppen. Han var så flink, hans første tur på eigne føter opp på veslefjellet!

fredag 23. juli 2010

Ferietid, mummitroll og tropenetter.

Det er ferietid, og me har hatt ein fantstisk flott ferie i Sverige og Finland i år. Fyrste natta var me i Oslo, då stakk me ein snartur innom oldemor i Moss. Alt for lenge sidan me har hilst på Mimmi no.



Så gikk turen til Dalarne i Sverige, der me besøkte Kjetil, Johanna, Haakon og vesle Hedda. Utrulig koselig hadde dei det.




To dagar i Mummiland, gjett om ungane kosa seg. Mindt i blinken for våre tre. Anbefalast.

Mummihuset kunne me gå inn i der var kjøkkenet til Mummimamma, soverommet til mummitrollet og alle dei andre som bur der.


Ingvar og Sigve helsar på Hemulen.
Sigve turte å sitte på fanget til den strenge dama (Fillifjonka)
Hattifnattane møtte me og, det var spennande og litt skummelt.

Ingvar får ein god kos av Mummitrollet.





Og så gikk me forbi heksa sitt hus, ho og dattra sat utanfor, ungane turte ikkje gå bort å klemme på ho..
.

Ingvar klatrar på altanen i mummihuset.
Sniff var nok den som var mest populær blant gutane.


Etter to dagar i Mummiland tok me ferga til Åland, der me leigde hytte ei veke. me hadde tropenetter og 30 grader nesten kvar dag. Me kosa oss på badestrender kvar einaste dag.







Etter ei veke var det faktisk godt å vende snuten heimover, til kalde Noreg. (For her heime hdde dei jo ikkje akkurat hatt så fint vær... glise..) No lengtar me tilbake til varmen, ikkje rare sommaren me har her...

torsdag 22. juli 2010

Gamle kongevegar og Borgund stavkyrkje

Ein liten sykkeltur unna der me bur ligg Vindhellavegen , den er ein del av dei gamle kongevegane i Lærdal. Lenge sidan eg har gått rundturen Vindhella- Sverrestigen no, men eg blir like overvelda over kor flott det er kvar gong. Dette er ein tur som me plar ta med alle som besøker oss, denne gongen var det Pan og kjæresten som var på Vestalndsturne som vart med.


Nokre bileter frå turen:







Etter å ha gått Vindhellavegen ned og Sverrestigen tilbake, endar ein opp ved Borgund stavkyrkje. Utruleg vakker er ho, og særleg i dette fine veret.



Det var dagens reklame for den flotte bygdi vår!

søndag 18. juli 2010

Nazanin sin konfirmansjon

Her kjem nokre bileter av ein flott og sprek konfirmant. Eg var så heldig å få lov til å være fotograf, kjempekjekt!

























onsdag 23. juni 2010

Gravinga igang.

No byrjar ting å skje, me har store gravemaskiner i kjøkkenhagen. Nei det er ikkje slik at me brukar gravemaskiner for å så gulrøtter. Gravemaskine dei lagar plass til det nye kårhuset til mamma og pappa. Spennande at me er igang, men ting tar tid, dei har brukt lang tid på gravinga no.



Her er eg og minstemann nede på jordet og sjekkar kopplamma. Ingvar tar bilete av oss, ein kan sjå gravemaskina framanfor hovudhuset til høgre.





Gutane tykjer jo det er spennande og kult å ha gravemaskiner i hagen. Det er litt enklare for dei å forstå at det faktisk kjem til å bli eit heilt nytt hus på garden.



Må berre fortelje om Ingvar og mommo som diskuterte kor mange doar me har her på garden. Ingvar seier: "Mommo, du har tre doer i huset ditt", ja seier mommo, "og dere har en do, hvor mange blir det?" "Fire" svarar Ingvar. "Og så får vi to nye doer i det nye huset, det blir fem", seier mommo. Ingvar ser på ho og tenker, "nei Mommo det blir jo seks!" Flinkare til å rekne denne snart femåringen enn mormora si. ;-) (og ja dei to pratar på bokmål saman)



Ingvar og Sigve på veg opp frå jordet.




Her er eit bilete frå hagen vår, me har store jorddungar bak drivhuset og dokkehuset. Det er egentlig ganske kaotisk her no, men det blir forhåpentleg betre snart.




Sidan det er jonsok i dag så var det på tide å fyre opp bålet som min kjære sambuar har bygd opp av diverse rot og søppel frå garden. Det vart eit gedigent bål. Spennande å være med på for liten og stor.




Mens nokre bygger bål, så bles andre løvetann.




Det tok skikkelig fyr!





Kjempespennande, varmt og litt skummelt, godt å halde avstand.





Ein flott dag har det våre i dag, varmt og godt. Håpar det blir fleire slike dagar frammover, sommaren har ikkje våre noko å skryta av til no.

fredag 11. juni 2010

Ein treåring i hus!

9. juni fylte Vemund tre år! Her er nokre bilete av den stolte treåringen.