søndag 20. mars 2011

fredag 25. februar 2011

Den store flyttesjauen nærmar seg...

Og det er både godt og skremmande på same tid. Me har no budd trangt og kaldt i snart to år, så det å få større hus det skal bli godt. Men alt som skal gjerast, phu, det er ikkje lite. Til å starte med så skal me berre komme oss i hus, før babyen kjem. 5. mai er termin. Eg går ut i permisjon veka før påske, då har me planar å starte flyttinga. Så blir det forhåpentleg oppussing utover sommaren? Eg har mange idear og tankar for huset, det har stort potensiale, eg gledar meg! (og gruar meg litt)

Her er nokre bilder av korleis det ser ut no, alle rom skal nok få nye fargar. Bondeblått, bonderaudt, oker og furupanel skal skiftast ut med lysare fargar. Ja det trur eg blir bra!



Kjøkkenet

Kjøkkenet er skikkelig flott. Mamma fikk det bygd til huset og det er solid heiltre og veldig bruksvennleg for ein stor familie. Det treng ein grundig omgang med målarkost, taket og. I første omgang målar me vel både bjelkar og tak kvitt, så får me sjå om bjelkane skal få ein annan nyanse etter kvart. Grått kanskje? Eller blir det fint med heilt kvitt tak? Det hadde jo våre enklast, det er mange bjelkar...


Gang og trapp



Okergul gang med terakottafarga fliser og blåe lister. Ja trengs vist litt målingshjelp og ny tapet over brystninga her og. Golvet beheld me, så då får me jobbe ut frå det. Ser kanskje for meg gråfargar? Eller lyse beige tonar? Panelen på doen blir nok i same farge som gangen. Trappa? Den er måla frå før, så ser for meg litt mørkare grå trappetrinn, kvite sprinklar og grå/svart rekkverk. Og så må den bli barnevennleg da. Måling er glatt. Kan ikkje lage sklifarleg trapp. Må undersøke meir her ja.


Spisestova



Raudmåla brystning med tapet over. Bjelker i taket, dei blir jo kvite i fyrste omgang sidan taket heng saman med kjøkkentaket. Over brystninga skal eg finne ein flott tapet, trur kanskje at fargane i tapeten kan gå att i fargevalet både på kjøkkenet og på panelen i spisestue, kjøkken og kanskje og stova. Alle disse romma heng saman, det er open løysing rundt peisen som står i midten av huset. Så alle romma må nok ha fargar som står godt saman, er ingen dører her.


Har sett på tapeter og det fins jo så mykje fint no. det kjem ikkje til å bli lett å velje har eg skjønt. Var på fargeriket på Voss i går og såg på blant anna Borge tapetar.


Nokre tapetar eg har sett på:
Lilla er tydelegvis ein farge som er inn no. Og ja eg elskar jo lilla, men trur ikkje eg tørr ha masse av det. Spørst om eg heller ikkje skal lage lilla soverom.

Vinterhagen

Den er kvitmåla, så det blir ikkje det rommet som blir prioritert i fyrste omgang, det skal møblerast, det må eg tenke litt på. Ser for meg innebygde benker med masse fine puter, ein god lesekrok kanskje, og gardiner. Heile huset må vel ha gardiner, eller kanskje ikkje?
Og så er det resten av huset da, det skal pussast opp barnerom, tre stykk minst, soverommet vårt, kontor til Knut i kjellaren og sikker masse meir og... Sa eg at me hadde mykje å gjere framover? Eg håpar verkeleg denne babyen som kjem er ein roleg sovebaby.

onsdag 19. januar 2011

Inspirasjon og lyst til å skape noko!

Teikne har eg gjort så lenge eg kan hugse. Men dei siste åra har eg brukt pc meir enn eg har halde i ein teikneblyant. Eg har blitt avhengig av Photoshop, og meiner sjølv eg er blitt ganske god. Dei siste åra har eg jobba masse med digital scrapping og Catscrap var min andre heim, eg fikk utløp for teiknelysten ved å teikne og måle krusedullar som eg gjorde om til digitale filer. Men så vart livet for hektisk, små ungar, og flytting, eg ramla heilt ut av scrappinga. Det siste året har eg berre susa rundt på nettet, lest bloggar, alle mulige, mammabloggar, interiør, scrapping, foto, og illustratør/teiknebloggar. Men ikkje fått til noko kreativt sjølv. Her om dagen dumpa eg innom denne fantastiske bloggen her. For nokre teikningar! Vidioar, for nokre fargar, så inspirerande! Mange av teikningane er vidareutvikla i photoshop.

Å scanne inn teikningar og jobbe vidare med dei har eg gjort før, men no fikk eg ny inspirasjon, ny lyst. I dag har eg teikna! Åhhh så godt det var!

Då gutane såg kva eg holdt på med lurte dei på korleis eg hadde fått til det der, dei har faktisk ikkje sett meg teikne slik før. Dei var tydlig inponert av mamman sin. :-) Her er teikninga eg teikna, dette er Ingvarguten min. Ingvar med dei lange mørke augevippene og det litt forunderlige spørrande blikket.





Tvillingane ville og teikne, dei satte seg ned og teikna sjølvportrett, denne flotte teikninga laga Ingvar, då eg såg den viste eg at den måtte bli eit del av bilete eg ville lage. Eg scanna begge teikningane og starta leike meg i photoshop.





Her er så resultatet, eit portrett av Ingvar der eg har brukt både mine teikningar og nokre krussedullar, bakgrunnar og målingsflekkar eg hadde liggande på pcen og Ingvar sitt fantastiske sjølvportret. Eg er ganske nøgd, dette er ein start, kanskje på noko nytt? No har eg ihvertfall fleire idear til andre slike kollasjar.







Eg skal no bestille meir teiknepapir og nye teikneblyantar. juhu! :-)

mandag 3. januar 2011

Snart skulegut!

Ingvar veit at når ein byrjar på skulen, då er ein stor gut, og ein har byrja miste tenner.
I går mista han si tredje tann (den eine oppe slo han ut i sommar) og ei tann har byrja vokse ut at.
"Mamma, no har eg mista TRE tenner, no er eg faktisk nesten skulegut!"
Ja tenk det er du vennen min!
Til hausten byrjar Ingvar (og Sigve) på skulen, hjelp kor fort tiden går!



Eg reknar med eg kan ta eit slikt bilete av tvillingbroren om ei lita stund, han har mista ei tann nede, og ruggar ivrig på neste...

lørdag 1. januar 2011

Nye skøyter til jul!

Gutane fekk skøyter til jul! Stor stas, 5-åringane brukte ikkje lange tida før dei skjønna teknikken, litt øving, knall og fall så skøyta dei så fint på glattisen.

3-åringen var meir som bambi på isen, då var det godt ha med seg onkel til hjelp.



Tora og Nazanin




Gøy var det, blir nok fleire skøyteturar på oss i vinter.
Håpar alle har hatt ei fin nyttårsfeiring!
Godt nyttår!

søndag 26. desember 2010

Julekortet

27. desember i dag, og ingen har fått julekort frå oss i år :-(

Det er faktisk ikkje min feil denne gongen. Eg var ute i god tid, men posten rota bort ein heilt konteiner med julepost frå Eurofoto, deriblandt mine kort, og bilder som skulle i kalendar og bli julegåver. Veslejulafta fikk eg pakka, juleafta fikk eg sendt korta... Så kanskje kjem dei fram ein gong før nyttår... jaja, romjulskort er vel kjekt det og. Her er ihvertfall kortet! Ha ei fortsatt god jul!



søndag 19. desember 2010

Juletrefest i barnehagen

Ooooops, hadde nesten gløymt at eg hadde ein blogg eg... På tide med ei lita oppdatering kanskje...
26. desember i dag, me har hatt ei kjempekjekk julefeiring, med tanter og onklar på besøk. Stor stas for både store og små.
Kanskje kjem det bilder ei gong (til sommaren...)
Tidligare i desember var det juletrefest i barnehagen, eg har lyst å vise fram nokre bilete av gutane mine.
Dei to store, som starta festen med å synge og opptre heilt åleine. Ingvar sang av full hals, Sigve stod ved sidan av og holdt munn og var sjenert. Då sangen var over vart Ingvar veldig flau, han smatt bak seneteppet og gøymte seg.
Dei var så flinke begge to!
Stolte foreldre og besteforeldre sat i salen og såg på.
Flinke store gutane mine!
Sigve til venstre og Ingvar til høgre.



Vemund sang og underhaldt han og saman med resten av barnehagen,
selvfølgelig veldig flink ;-)
Sigve og Ingvar som var dei store,
fikk vere nissegutar og delte ut nissepakkane.
Stor stas!


Det var ein knallkjekk kveld i kommunehuset.
Me ynskjer alle ei
god jul!