lørdag 27. juli 2013

Tyin

Har hatt ein super dag på fjellet med ungane. Tordenværet herja rundt oss på alle kantar, men me slapp unna og kosa oss med grilling, bading og litt fisking.


Ungane er nokre tøffingar og hoppa i Tyin!


Mørke tordenværskyer som heldigvis ikkje kom vår veg.


Sigve med fiskestang. Det vart ingen fisk men det gjorde ingenting.


Pappa og Vemund fiskar i Tyin.


Solveig.


Litt av ein utsikt frå Tvindehaug hytta. 


Nokre badar og andre fiskar.

 

Jotunheimen er flott! Falketind og Uranostind i horisonten.


Ingvar fann seg ein liten venn!

tirsdag 23. juli 2013

Barnsleg hage del 2

Me teltar i hagen for tida :-)

Fire hesjastaur, nokre gamle laken og klesklyper er det ein treng.



Ungane kosar seg i teltet!

søndag 21. juli 2013

Barnsleg hage

Pappsen sitt hageprosjekt i år er eit mummihus.
Det blir fint og flott.


Og BLÅTT!

lørdag 20. juli 2013

JA det er sommar!

Berre sjå her:

Sommaridyll!


Vemund sin fyrste symjetur i elva. han er ein tøffing.


Her er enno ein tøffing, Sigve stupar uti. Vatnet er iskaldt...


Flintegarden sett frå øya vår.

To superheltar på veg heim.

Dette er sommar det!

torsdag 18. juli 2013

Kjolenekt

Jeta vår vil sjeldan gå med kjole. Kanskje ikkje så rart når ho har tre eldre brødre å sjå opp til? Lange overtalelsar må til før ho tar på seg kjolen, og selvfølgeleg skal ho gjere det sjølv. Ja me brukar tid på å få på og av kleda for tiden. Men når kjolen er på så ser ho ned på seg sjølv, seier "FIN" og snurrar rundt.



Bilete frå Danmark, og jenta har ny kjole kjøpt i Tyskland. Håpar det blir litt varmare i veret slik at me kan øve meir på å gå i sommarkjolar.



Til slutt eit bilete til frå danmark. Valmuer er vakre blomar!

tirsdag 28. mai 2013

Å strikke til tvillingar...

I alle år har ungane hatt bunadar på 17. mai. Me er så heldige å ha arva bunadar på begge sider av slekta, så det har alltid vore ein som har passa. Men dei to store slampane av nokre tvillingar kom ikkje inn i nokon bunad i år. Kva skulle dei då ha på seg? 

Eg hadde ein plan. Strikke vestar, det er ikkje så vanskeleg, det får eg til før 17. mai. Jadda!



Som sagt så gjort. Eg hadde ein knøttliten vest liggande som eg fant på hytta til svigers. Det var vist eine onkelen til gutane som brukte den som liten. Slik vest ville eg strikke. Fint mønster, smårutete på baksida og større på framsida. Eg hadde god tid, kjøpte garn rett etter påske, og planen var klar. To slike vestar til 17. mai. Kanskje i to ulike farge kombinasjonar...


Jadda, god tid...

Kven var det som nistrikka dagane før 17. mai? Og kven var det som berre fikk ferdig ein vest? Så vidt... 

Å strikke til tvillingar er kjedelig!
Når du er ferdig med ein så er du berre komt halvegs, for broren må jo ha han og... Denne gongen rakk eg ikkje det, eg hadde ein vest, og to gutar.

Kva gjorde eg? Enden på visa  var at ein fekk ein nystrikka vest, og den andre fekk ein gamal vest som pappa hadde som liten. Hadde heilt gløymt at eg hadde den liggande. Og den var jo eigentleg kjempefin!


Den blå er den arva, den grå har eg strikka.


Fin gut i pappa sin gamle vest.


Gutta boys saman med veslesyste i hallingstakken som eg gjekk med som lita.



Og til slutt må eg vise fram heile gjengen. Ein valdresgut, ei hallingjente og to bandittar i strikkavestar.




lørdag 4. mai 2013

Vårens vakraste eventyr!

Sjølv om våren lar vente på seg, er det full fart i fjøsen. sauelembingi er i gang.