tirsdag 7. januar 2014

Frå ungane

Sidan jula no er over og alle gåver er gitt bort å pakka opp, så kan eg vise dei fine koppane ungane dekorerte og gav bort til besteforeldre, tanter og onklar. Syns dei vart kjempefine!


 
Tekstane på koppane har dei funne på heilt sjølv, det stod blant anna: "Goffa du er flink til å jage sauer", "Onkel Marius er kul" Og "Tora er super genijal" "Bestefar er flink til å mjølke syrene" Herlig ikkje sant!

søndag 5. januar 2014

Jenta har fått nytt rom!



 
 
Solveig har flytta inn på rommet sitt. Og ja, det er tatt godt i bruk, fylt opp med diverse leiker: bøker, bamsar, lego, dokker, dokkekle, brio, puslespel, bilar, kjolar osv.. Eg hadde ein plan om å få tatt nokre skikkelig flotte ryddige bilete av eit strøkent barnerom. Men då eg kom opp så sat veslejenta der å bygde lego. Heilt i sin eigen verden ensa ho meg ikkje, så eg tok nokre bilete av ho og av legotårnet hennar, og litt av det rosa og raude rommet hennar. Slik har me det, verken strøkent eller ryddig, men med god plass til å leike. Og det er vel det viktigaste?  

torsdag 26. desember 2013

onsdag 18. desember 2013

Snømenn i hagen

Sjekk ut disse sjarmerande fyrane eg har i hagen min.









søndag 15. desember 2013

RÅÅÅÅSA!

Eg hadde faktisk ikkje trudd at eg nokon gong skulle lage rosa jenterom, men det er eg i full gang med no. Tanken var at det skulle vere eit hint rosa, men det vart vist litt meir... Men eg reknar med at prinsessa vår kjem til å bli henrykt når ho ser resultatet.

her er nokre undervegs bilete av det RÅSA oppusingsprosjektet.

 
Eg hadde akkurat litt for lite tapet, sjølvsagt, men ny rull er på veg i posten.

 
Her skal senga stå i kroken under den rosa himmelen. Skyene har eg måla på sjølv, og dei er vel det eg er mest nøgd med i heile rommet. Eg har bestilt dette stoffet frå Blafre som eg skal lage ei gardin av som skal henge frå skråtaket og ned.
 
 

 
 
Tapeten heiter slottshagen, det passar vel til ei lita prinsessse på to år!
 
Eg gledar meg til ho kjem heim frå helgetur med Mommo og goffa i kveld!

onsdag 11. desember 2013

Snø i Mumidalen

Eg prøvde meg på nokre julekortbilete, men det er jammen ikkje lett å få fire små til å sjå bra ut på same bilete, her er nokre smakebitar, kva som bil julekort i år er enno ikkje bestemt...

 
Sit i ro og smil fint, takk!

 
Oi, veslesyster er vist litt trøytt...

 
Og ikkje heilt i form til å smile...

 
 Sånn, kanskje det hjelpe med ein drops? 

 
Fleire som vil ha drops ja!

 
Stemningen på topp med drops i munnen!

 
 

 
Smiiiil!

 
Litt snø i lufta?


 
Ok, me var vist ferdige...

 
Ja, det er tid for ein liten lur no, Solveig.
 
 

 

lørdag 7. desember 2013

Enkel og billig julepynt

Tradisjonen tru har ungane og eg klypt snøkrystallar til jul. Før har eg hengt dei i vindauga i vinterhagen, det kan du sjå her.  Det blir sikkert produsert fleire etterkvart så blir vel litt i vindauga i år og vil eg tru.

 


 
Fine, ikkje sant!