tirsdag 12. oktober 2010

Atlieet tatt i bruk

Som tidligare nemt så laga pappa og sambo atlie på loftet over sauefjøsen i vinter. Endelig har eg fått tatt det i bruk! Det har blitt eit kjempekoselig rom med utsikt over tunet. Ein fin detalj, og det som gjer heile rommet er glasrekka mellom taka på gamlefjøsen (redskapshuset) og sauefjøsen. Det har bitt så flott, masse lys strøymer inn i atlieet via vindauga!






I vår målte eg tak og veggar i rommet lyst. Var litt av ein jobb å gjere åleine, men så vart det jo så fint til slutt. Sjå den fine skråveggen med glasrekka! I skråtaket er det og to takvindu. Kven skulle tru at dette liksom er eit fjøs? (når eg er der høyrer eg sauene brekar i fjøset under meg, gansge koselig eigentleg)



No er rommer innreid, mykje av det som står her er kun midlertidig, atlieet vert og brukt som lager intill me flyttar inn i hovudhuset. Så det er litt fullt her no med diverse møblar som eigentleg skal inn i huset. Men eg har fått innstallert all målesaker, lerret, teiknesaker, stoff, symaskin, strikkegarn, bøker, gamle skisser og andre kunst prosjekt. Jada rommeter ganske så fullt no.




Her er plassen eg sit å teiknar under takvinduet. Det er så deilig å sleppe å rydde fram og rydde tilbake alt utstyret. Å kunne ha sitt eige rom utan at ungane skal komme å "vere med" og rote. Fantastisk er det. Det fyrste eg teikna her er augestikkaren i bilete over, no har eg planar om å lage eit stort måleri med fleire augestikkarar, åhh så gøy å kjenne kreativiteten komme sigande igjen, har ikkje blitt mykje måling og teikning dei siste åra. Er ikkje så lett når ein ikkje har plass eller tid, no har eg all den plass eg kan ynskje meg, så får me håpe eg får litt tid?


Litt meir av rommet, bokhyllene er stappfulle alt, kunstbøker med masse inspirasjon og masse interiørblader, eg skal jo snart innrede eit stort hus, så dei kjem godt med.



Og så det eg er mest nøgd med, trådhylla med alt strikkegranet i, sortert etter fargar. Eg ante faktisk ikkje at eg hadde så mykje garn, eg hadde ein pose her og ein der, overalt fant eg garnrestar og strikkepinnar, endelig har eg fått orden i kaoset, no er det berre å sette igeng å strikke!


No er ungane lagt, so då trur eg at eg tar turen opp på "hybelen" min att og prøvar å måle litt, eg har installert ei seng der, så om eg vil kan eg jo eigentleg berre flytte inn ;-)

fredag 8. oktober 2010

Fotball og blomar

Har hatt nokre bilete liggande på maskina mi ei stund, på tide å vise dei fram.

Disse av Ingvar og fotballen.
Det er så gøy å sjå kor flinke gutane blir, dei får meir og meir kontroll over den kula. Jada dei har vist betre ballkontroll enn mor si... (eg som aldri har likt fotball, det ser vist ut som eg berre må innsjå at tiden er komen for at gutane må få prøve seg på skikkelig fotballtrening snart)



Og så den vesle blomeguten min.

Eg elskar hausten, hagen til mamma er så fin då, kornblomst, ringblomst, blomkarse, litt krydderurt (trur det er oregano det lilla i buketten) og fredløs.
Fine haustfargar, må nyte dei no før frosten tek dei.



Vemund vil gi bort blomane til Mommo. Skjønne treåringen vår.

torsdag 30. september 2010

Sauesank

Travle tider, har ikkje hatt mykje tid å oppdatere bloggen denne månaden desverre. Masse å gjere på jobb, med hus og ungar. Og dei siste helgene har me brukt tida på sauesank. Slitsamt og gøy. Sauen må jo heim uansett vêr. Me har hatt både strålande (men kaldt) vêr og me har hatt skikkelig øspøsregnvêr, tåke, snø, vind ja i det heile. Vêret i fjellet er skiftande, det har me fått merke.

Her kjem nokre bilete frå dei siste helgane i fjellet. Trur ikkje eg veit om noko finare enn haustfejellet altså, sjå så vakkert det er!























fredag 3. september 2010

Bærhaust.


Frysaren er snart full, store og små har plukka litervis med bær, og jamen er det framleis bær att på buskane både her og der. Ungane storkosar seg i hausthagen. Her er nokre bilete frå dagen i dag. (Bikkja er like ivrig som ungane, ho plukkar og ete bær som berre det, rar hund.)



Eigenplukka rips med vaniljesaus,

finst det noko betre?


Eitt og anna jordbær er enno å finne.



Bringebær


Vemund kooosar seg.
Magen full av solbær, moreller, stikkelsbær m.m.



I morgon er planen å dra til fjells for å sjå om tyttebæra byrjar bli modne.
Det blir gøy!


God helg!

søndag 29. august 2010

Sundagstur

I dag fikk eg med meg alle 4 gutane mine på tur, me gikk den gamle Vindhellavegen, eller litt av den. Ungane har ikkje gått turen før, det har me ikkje turt rett og slett. Det er faktisk farlig å ha med seg springande tvillingar i dei bratte svingane, men no er dei fem år, og det går ann å prate til dei. I dag gikk det supert, dei var fornuftige, og me snudde halvegs. Dei tykte det var spennande og skummelt med dei bratte, høge murane. Vemund han holdt handa til pappa når han vart redd, kjekt med slike ungar og. (Dei to andre veit vel ikkje kva frykt er...)



Gutane på veg opp før det går bratt nedover att.











Dei flotte svingande murane, dei er eit syn.







Pause under hellaren, alle fikk selvfølgelig skrive seg inn i turboka som ligg der.











Og turen endte med ein is ved stavkyrkjesenteret. Der måtte eg forevige Vemund forran stavkyrkja, så måtte Vemund fotografere mamma tilslutt.






Ein fin sundag. Då me kom heim hadde mamma laga hjortesteik til oss. Me er jammen heldige!



lørdag 14. august 2010

Kaptein Enøye

For dei som følger med på Fantorangen på barneTV, så kjenner de vel Kaptein Enøye. Her ein dag så fikk me vår eigen Kaptein Enøye.

Dette synet møtte meg klokka 6 om morgonen tirsdag 10. august. Vemund kom tassande inn på soveromet, peikte på auga sitt og sa: "Mamma, jeg har fått en sånn" Gjett om eg spratt fort opp frå draumeland då!



Auga til Vemund var heilt attklistra og hovent. Var ikkje mulig å sjå auga eller augevippene i det heile. Tenk at det går ann å bli slik av eit stikk, mest sansynleg eit myggstikk i følge legen. Etter to dagar så var auga hans tilbake til normalen.

Heldigvis så hadde ikkje Vemund vondt, men ubehagelig det var det. Vemund han tykte det var ganske kult, han fikk masse medkjensle av alle, og storebrødren tykte han var kul som einaugd banditt!

Så slik kan det gå, nokre reagerer tydlegvis meir på mygg enn andre.

søndag 8. august 2010

Tulletante Bergljot i Eidfjord

Endelig kom dagen då me skulle reise til Eidfjord og besøke Bergljot.

Vakre Bergljot med baby i magen. Gutane syns det var litt rart at babyen ikkje var kome ut enno. Kor lenge skal den liksom være inni der da? Det vart masse spørsmål og funderingar om denne babyen som budde inni Bergljot sin mage mens me var der. Vemund han titta oppi vogna som stod klar i gangen, og spurte meg med litt fortvila stemme, kor er babyen da, mamma? Inni magen. Å, har ho spist den?


Neste gong me møtast, då har Bergljot fått babyen sin, ååååå som me gledar oss til det.



I Eidfjord gikk me tur til badestranda, sjølv om vatnet var iskaldt, så måtte gutane uti ein tur.






Der tok Ingvar dette flotte bilete av Bergljot og meg.





Han fann og denne fine snegelen i hagen til tulletante Bergljot. Sjå, sjå så fin den er!





Og jammen så reiste me heim med ein gut som hadde ei tann for lite. Hjørnetanna rauk i eit hardt møte med ein sofa. Gutungen skreik og blodet rann, men etterkvart så var det både tøft og kult å ha mista ei tann. Ingvar ser ut som den pøbelen no. Egentlig ganske praktisk, no ser me lett forskjell på han og broren.





Takk for besøket Bergljot, me gledar oss til å møte babyen din neste gong me treffast!