fredag 28. desember 2012

Lenge sidan sist.

Stille i huset, eg har ferie, ingen jobb som ventar i morgon, ungane søv, eg og katten er åleine heime. Trur det er minst eitt år sidan eg teikna sist. Plutseleg teiknar eg att. Kanskje blir det meir? Håpar det.


Før jul pussa eg opp hagestova, sette inn ein pult og vips så vart det arbeidsbenk. Supert å sitte her å teikne når ungane søv, på dagtid er det ungane som teiknar og jobbar her.


Dagens (eller nattas) resultat, blekk, pensel og penn. Skal teikne meir med blekk, det er gøy men vanskeleg, er ikkje heilt nøgd med denne teikninga...


torsdag 27. desember 2012

tirsdag 31. juli 2012

Oldemor på besøk

Me har hatt besøk av oldemor, og det måtte forevigast.


Det obligatoriske bilete med fire generasjonar. Mamma og bestemor mi er skummelt like, og eg tykkjer vesle Solveig liknar meir på dei to enn på meg her?



Oldemor med oldebarna sine fotografert i vinterhagen til mamma.


Og til slutt eit bilete av ein god storebror og ei lita sol.


fredag 13. juli 2012

7 år som tvillingmamma

Tenk at disse to her er blitt 7 år
12. juli 2005 vart eg mamma for fyrste gong, og tenk at eg var så heldig å få dobbelt opp! To små knirkebabyar er blitt til to lange, store, flotte, herlige, rampete, bråkete gutar.

søndag 1. juli 2012

Danmark

Jepp, me er i Danmark. I dag har me berre slappa av, ungane har bada og kost seg i hagen, mens eg har våre mammaratzi.














Deilige Danmark!

lørdag 23. juni 2012

Kom Vetle så skal me sjå på sauene!

Me hadde besøk av denne vesle skjønne karen her for litt sidan. Tvillingane tok han med for å vise han sauene på jordet.

 Får å komme til sauen, må me gjennom denne grinda her.

Hei vent på meg da!

 Kom igjen Vetle, me blir fyrstemann!

 Godt å ha ei hand å halda i.

Lamma kosar seg under eit blømande rognebærtre.




Tankefull Vetle etter sauesafarien.

fredag 22. juni 2012

Vesle frøken Sol og lamma

Eittåringen vår er svært begeistra for dyr.
 Me er oppe ved grinda til sauene fleire gonger for dagen for å sjå og beundre "BÆÆÆane"



I dag går turen til fjells for ein del av disse krøllete små og mødrene deira, håpar dei får ein god sommarferie.