torsdag 14. mars 2013

Slalom

Må skryte av dei flinke gutane som kjøyrer slalom på Filefjell. No gledar me oss til påsken! Då håpar me på å få mange fine dagar i bakken!

fredag 8. mars 2013

Kule striper

Eg falt pladask for kjolen Nova. og viste at den måtte eg prøve å strikke!  Er veldig nøgd med resultatet. På bileta ser det ut som motakaren av kjolen også er nøgd, men....



Dette er faktisk einaste gong eg har fått på ho kjolen. Ho nektar å bruke den... Ingen andre kjolar heller... jaja, eg er litt skuffa. Endeleg etter tre gutar får eg ei jente, og så skal ho ikkje ha på seg kjole... snurt mamma...


Men eg gir ikkje opp... kjolen skal på...håpar eg...

søndag 24. februar 2013

Vinterferien

Me har hatt nokre flotte dagar på fjellet i strålande sol! Ungane har storkosa seg, i slalombakken, på skiturar med kvikklunsj og varm saft på termos. 7 åringane gikk lange fjellturar, slo den gamle rekorden sin og gikk langt og lenger enn langt. 5 åringen gikk han og, og han var i den store slalombakken! Flinke ungar både på nedover og bortover ski, det blir mange nye kilometer å skrive opp på distanskorta no. Minstemor ho fikk ligge i den gamle pulken, ho sov i fleire timar kvar dag, fjellufta gjer sitt. Slitne og trøytte ungar kvar kveld. Akkurat slik det skal vere.










fredag 28. desember 2012

Lenge sidan sist.

Stille i huset, eg har ferie, ingen jobb som ventar i morgon, ungane søv, eg og katten er åleine heime. Trur det er minst eitt år sidan eg teikna sist. Plutseleg teiknar eg att. Kanskje blir det meir? Håpar det.


Før jul pussa eg opp hagestova, sette inn ein pult og vips så vart det arbeidsbenk. Supert å sitte her å teikne når ungane søv, på dagtid er det ungane som teiknar og jobbar her.


Dagens (eller nattas) resultat, blekk, pensel og penn. Skal teikne meir med blekk, det er gøy men vanskeleg, er ikkje heilt nøgd med denne teikninga...


torsdag 27. desember 2012

tirsdag 31. juli 2012

Oldemor på besøk

Me har hatt besøk av oldemor, og det måtte forevigast.


Det obligatoriske bilete med fire generasjonar. Mamma og bestemor mi er skummelt like, og eg tykkjer vesle Solveig liknar meir på dei to enn på meg her?



Oldemor med oldebarna sine fotografert i vinterhagen til mamma.


Og til slutt eit bilete av ein god storebror og ei lita sol.


fredag 13. juli 2012

7 år som tvillingmamma

Tenk at disse to her er blitt 7 år
12. juli 2005 vart eg mamma for fyrste gong, og tenk at eg var så heldig å få dobbelt opp! To små knirkebabyar er blitt til to lange, store, flotte, herlige, rampete, bråkete gutar.